SKJØRT SAMARBEID: Fire kommunar samarbeider om Sogn barnevern. 2017 kan bli avgjerande for om det samarbeidet framleis vil eksistere. Foto: arkiv.
SKJØRT SAMARBEID: Fire kommunar samarbeider om Sogn barnevern. 2017 kan bli avgjerande for om det samarbeidet framleis vil eksistere. Foto: arkiv.

Skjebneår for Sogn barnevern: – Må betre seg mykje før nyttår

Fleire av eigarkommunane vurderer å trekkje seg ut av Sogn barnevern dersom ting ikkje betrar seg i løpet av året.

Sogndal: Før nyttår sa politikarane i Balestrand opp avtalen med Sogn barnevern, noko som gjer at dei kan bli dei første til å trekkje seg ut av samarbeidet om eitt år.

Fleire kan følgje etter. Forbetringsplanen som Sogndal kommune skal leggje fram 1. februar (sjå faktaboks) blir avgjerande.

– Vedtaket me har gjort avspeglar at me forventar at det blir rydda opp, seier Harald Offerdal (Ap), ordførar i Balestrand.

Les også: Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern
Les også: Sogn barnevern: Ordføraren fredar rådmannen

Forventar snarleg betring

Dei to andre ordførarane, i Luster og Leikanger, seier dei har tillit til at vertskommunen Sogndal får orden på sakene. Men tolmodet varer ikkje evig.

FØREBELS TILLIT: Ordførar Ivar Kvalen seier han har tillit til barnevernet i Sogn, men forventar snarleg opprydding.
FØREBELS TILLIT: Ordførar Ivar Kvalen seier han har tillit til barnevernet i Sogn, men forventar snarleg opprydding.

– Sogn barnevern må løysa dei utfordringane som har vore, slik at dei tilsette snarast får jobba med det viktigaste, som er å ta vare på dei ungane som treng hjelp, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster. 

Som Balestrand må dei bestemme seg før nyttår, deretter vil det gå enno eitt år før dei kan trekkje seg ut. Det gjer at Kvalen ikkje har hastverk med å trekkje konklusjonar om det vidare samarbeidet.

– Det er ingen grunn til å bestemma seg før nyttår uansett, det vil ikkje ha noko å seia for sluttidspunktet. Me må bruka tida me har til rådigheit og vurdera kor vidt barnevernet har kome på rett kjøl att. Då må me vurdera kva me skal gjera. Alternativet er å seia opp avtalen og levera tenesta sjølve, seier ordføraren, og legg med ein gong til at det er siste utveg.

– Det er ikkje så enkelt å driva ei slik teneste med berre ein eller to tilsette. Det var nettopp det me ville vekk frå då me gjekk inn i samarbeidet i 2008. Så kva alternativet er, det har ikkje eg noko godt svar på, seier Kvalen.

Må gjenreise tilliten til barnevernet

Kollegaen i Leikanger, Jon Håkon Odd, seier dei ikkje har nokon intensjonar om å gjere som i Balestrand. Men spørsmålet kan dukke opp att dersom ting ikkje betrar seg.

– Situasjonen må betre seg mykje før nyttår. Vi må ha ei barnevernsteneste folk kan stole på og som dei kan vende seg til når dei treng hjelp, seier Jon Håkon Odd (Ap).

FORVENTAR BETRING: Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger seier dei ikkje har vurdert å trekkje seg ut av avtalen. Men tolmoda varer ikkje evig.
FORVENTAR BETRING: Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger seier dei ikkje har vurdert å trekkje seg ut av avtalen. Men tolmoda varer ikkje evig.

Begge seier dei forventar mykje av forbetringsplanen som er lova før 1. februar. Dei fire eigarkommunane har avtalt eit møte for å diskutere planen, men dato er ikkje sett.

– Me forventar at den viser at dette er på skinner, seier Kvalen.

– Tiltaka må følgjast opp og vi må sørgje for at dei gir effekt, slik at ein så fort som råd klarer å gjenreise tilliten til barnvernet, seier Odd.

Til toppen