ETTER PÅSKE: Heile villreinstammen i Nordfjella må truleg takast ut for å hindre ytterlegare spreiing av skrankesjuka, trur landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Harald Skjerdal.
ETTER PÅSKE: Heile villreinstammen i Nordfjella må truleg takast ut for å hindre ytterlegare spreiing av skrankesjuka, trur landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Harald Skjerdal. (Foto: Arkiv)

Skjebnen til reinen i Nordfjella vert avgjort etter påske

Heile villreinstammen i Nordfjella må truleg takast ut for å hindre ytterlegare spreiing av skrankesjuka, trur landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).

  • Endret

Aurland: Avgjerda skal takast etter påske. Mattilsynet har fått frist til 19. april med å komme med eit endeleg råd.

– Men det er ingen tvil om at vi står oppe i ein svært krevjande situasjon, seier Dale til NTB.

Statsråden møtte fredag representantar frå Mattilsynet og Veterinærinstituttet for å diskutere moglege tiltak mot den dødelege hjortedyrsjukdommen.

– Vurderinga vår vil skje kontinuerleg etter dette. Men det er nok grunn til å vente at vi må starte på eit arbeid der vi tar ut delar av stammen i Nordfjella, seier Dale, som ikkje vil konkludere om heile stammen skal takast ut, før han har fått dei nye råda frå Mattilsynet.

Fleire metodar

Direktør for planter og dyr i Mattilsynet Karen Johanne Baalsrud seier til NTB at dei allereie er i gang med å førebu fleire måtar å handtere situasjonen på saman med miljøstyresmaktene. Fleire smitteførebyggjande tiltak er allereie på plass.

– Men råda seier heilt tydeleg at dersom ein skal ha ambisjonar om å få denne sjukdommen heilt bort, så finst det berre éin moglegheit, og det er å ta ut heile flokken. Altså ser vi no på korleis ein eventuelt skal gjere dette, seier ho, men strekar samtidig under at dette er ein prosess som kjem til å ta tid.

Både utvida jakt og slakting i innhegningar kan vere blant tiltaka. Dette er blant spørsmåla Mattilsynet skal gi svar på innan 19. april.

I Nordfjella er det påvist tre tilfelle av den frykta sjukdommen. Nordfjella villreinområde omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Hemsedal, Hol, Ål og Ulvik.

Eit vedtak om å ta ut heile flokken inneber at opp mot 2.000 villrein blir avliva, og at heile fjellområdet blir lagt brakk i mange år. Sjukdommen har ei inkubasjonstid på to år.

Første gong

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease (CWD)) er ein dødeleg prionsjukdom som angrip nervesystemet og vart påvist hos eit reinsdyr og to elgar i Noreg våren 2016. CWD kan ramme og spreiast mellom ei rad artar av hjortedyr. I Noreg betyr det at rein, elg, hjort og rådyr er i faresona.

Det er første gong sjukdommen er påvist i Noreg og aller første gong hos rein.

I ein fersk rapport varslar Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) at skrantesjuka kjem til å ramme stadig fleire hjortedyr og spreie seg til nye delar av landet dersom det ikkje blir sett i verk omfattande tiltak raskt.

(©NPK)

Til toppen