I FØRINGA:  Ole Amund Sveen  jublar med lagkameratane Stian Aasmundsen og Shuaibu Lalle Ibrahim etter skåringa på Intility Arena.
I FØRINGA: Ole Amund Sveen jublar med lagkameratane Stian Aasmundsen og Shuaibu Lalle Ibrahim etter skåringa på Intility Arena. (Terje Bendiksby)

Mjøndalen snudde og vann kampen - sju minuttar på overtid

Tidlegare Sogndalspelar Ole Amund Sveen sørga for 1-0 til dei brunkledde. Følg 2. omgang her.

OSLO: Sogndal var svært nære å sikre seg plass i eliteserien. Men like før full tid dukka ein gamal kjenning opp. 

Sju minuttar på overtid kom den avgjerande skoringa. 

Her kan du lese referat frå kampen

 

Slik ser laga ut frå start: 

Sogndal (3-4-3): Fij - Kryger, Lereng, Igoh - Totland, Eid, Mannsverk, Blårud - Ndour, Kupen, Michael

Mjøndalen (4-3-2-1): Makani - Dragsnes, Nakkim, Johansen, Skaar Eriksen - Gauseth, Semb Aasmundsen, Sveen - Ovenstad, Liseth - Ibrahim

Kampen er i gang. 

2. minutt: Mykje stillingskrig. Mjøndalen har ballen mest, men enda ikkje nokre farlege sjansar.  

4. minutt: Mjøndalen med frispark godt inne på Sogndal sin banehalvdel. Resulterar i ingenting. 

Relativt lite som har skjedd dei første fem.

7. minutt: Første Sogndal-angrep. Daniel Eid kjem gjennom frå kant. Skotet går like over. Kunne fort blitt farleg med litt betre presisjon. 

8. minutt: Så sit den for Mjøndalen. Vaklande forsvars-spel, og eit relativt ufarleg innlegg går forbi alle mann. Dermed kan eks-sogndalspelar Ole Amund Sveen setje den inn på blank kasse. 

10. minutt: Kan Sogndal svare? Då må intensiteten opp. Endre Kupen trøkker til i farleg posisjon. I overkant ivrig. Frispark imot. 

13. minutt: Daniel Eid svært farleg frampå igjen. Totland legg i lengste og der er Eid klar. Men både ball og bane er glatt og Eid tar med seg ein Mjøndalen-forsvarar i dragsuget. Frispark Mjøndalen. 

16. minutt: Hittil er det ingen tvil om kven som er best både på bana, og på tribuna. Mjøndalen-fansen syng så det jomar utover Intility Arena. 
MEN - no er sogndalfansen på plass. Dei vart forseinka grunna ei trafikkulukke på Flå. 
Kanskje det kan hjelpe. 

17. minutt: Sogndal ser ut til å ha fått fornya energi. Har mykje ball, men relasjonane klikkar ikkje heilt for Sogndølene. 

20. minutt: No sit det betre for Sogndal. Har nesten utelukkande ball. Men sjansane uteblir. 

22. minutt: Horribelt av Sogndalkeeper Renze Fij. Kastar ut ballen rett i føtene på ein Mjøndalen-spelar. Lobben går såvidt det er ikkje i mål, etter god redning frå Fij. Corner til Mjøndalen. 

24. minutt: Lekre detaljar igjen frå Totland på venstre kant. Legget til EId, men når ikkje heilt fram. Utspark. 

25. minutt: Sogndal med sin første corner. Blir klarert. 

No har kampen jamna seg meir ut. Både på bana, og tribuna. 

30. minutt: Stillingskrig. Mjøndalen har lite å komme med offensivt, men dei er dødeleg effektive i å bryte ned Sogndal sitt angrepsmønster. Truleg det som var kamp-planen, i følgje spådommane får eit samla pressekor på førehand.

34. minutt: Sogndal verkar litt rådville utpå bana no. Har mykje ball, men ingen plan. Mot Ranheim var høgreback Daniel Eid arkitekt bak det meste av det som skjedde. Idag har han knapt fått ballen. 

37. minutt: Endre Kupen held ivertfall koken. Trøkker til i duellane. Ender opp med gult kort og frispark imot. 

40. minutt. "Forza Mjøndalen" runger ut over Intility. Mjøndalen-fansen har mest grunn til å være nøgd. Men dei brunkledde gjer lite anna enn å forsvare seg for augeblikket. 

41. minutt: Ndour med skot frå 20 meter. Midt på mål. Keeper med full kontroll. Men Sogndal er det klart førande laget no. 

43. minutt: Det er bitande kaldt på Intility arena no. Underteikna kunne godt tenkt seg å stjele det varme pleddet til journalist-kollega i Sogn Avis, Endre Romøren. Han ser ut til å ha det varmt og godt under der blåe teppet. 

Det treng han. For det er lite som varmar med spelet akkurat no. Men Sogndal prøver. Og dei har svært mykje ball. 

45. minutt: Kupen kontrar inn ein corner. Kan det skje noko heilt på tampen av omgangen? 

Det gjer det ikkje. Mjøndalen leder 1-0 til pause, men her er ingenting avgjort. 

Andre omgang er igang

50. minutt: Sogndal med trykket dei første fem, med fleire halvstore sjansar. Lovande start, men kvit-trøyene treng skåring.

60. minutt: Mjøndalen har komme meir inn i kampen igjen. Har fått roa ned tempoet, og komme med ein par sjansar sjølv. Sogndal lite farlege akkurat no. 

61. minutt: Mannsverk prøver å chippe Eid igjennom. Men bana er glatt idag og Eid når ikkje fram.

64. minutt: Jerome Akor Adams er i full gang med oppvarming. Kanskje han kan inn og gjere ein forskjell? 

65. minutt: Kollisjon i Sogndalfeltet. Daniel Eid ligg nede med skade. Blør frå munnen i følgje TV-bileta, men er oppe på beina igjen. 

68. minutt: Jerome Akor Adams og Kristoffer Hoven kjem innpå for Endre Kupen og Daniel Eid. 

Kan Adams putte også i dag? 

70. minutt: Kjempesjanse for Sogndal. Klabb og babb inne i feltet, men ingen får ein avgjerande fot på den. 

72. minutt: Sogndal pressar på. Ny corner. 

74. minutt: Sogndal med nok eit dobbeltbytte. Mathias Blaarud og Ndour må vike for Anders Nord og Tomas Kristoffersen. 

75. minutt: Sogndal har tapetisert seg på Mjøndalen sin banehalvdel no. Dei gjer det dei kan for å holde unna. 

77. minutt: STRAFFE til Sogndal!

Jerome Akor Adams skal ta den.

Den går i via keeper og i MÅL!!!

Iskaldt frå mannen for dei store anledningane. 

79 minuttar: DER SIT DEN frå Tomas Kristoffersen. Ein kanonskåring frå kanten av 16-meteren.  

For ein skåring. No er det Mjøndalen som må presse. 

85. minutt: Mjøndalen forsøker å svare, men har lite å komme med. 

87. minutt: Peter Godly Michael ut. Nummer tre Andreas Van der Spa. 

Corner til Mjøndalen. Den går inn. 2-2. 

Akkurat som mot Vålerenga for 20 år sidan. Men denne gangen held det ikkje inn. 

Nok ein gang Sveen som ligg og ventar på lengste. Stangar inn utlikninga. 

Kan Sogndal svare på dette da? Eller ebbar det ut? 

7 (!) minuttar er lagt til. 

Vi er godt inne i tillegstida. Mjøndalen har mykje ball no. 

Får frispark ved kanten av Sogndal sin sekstenmeter. 

Den går like utanfor. 

94. minutt: Mjøndalen verkar å ha mest krefter akkurat no. Sogndal må rydde unna gang på gang. 

96. minutt: Klarar Sogndal å holde unna? Renze Fij med kjemperedning på eit langskot. Må slå til corner. Mjøndalen er farlege på dødball. 

Og der kom den frykta scoringa. 

Det var på dødball det måtte skje. 3-2 til Mjøndalen, ved Markus Nakkim. 

Der er kampen over. 

Dermed på Sogndal belage seg på nok ein sesong i Obosligaen. 

Close, but no cigar. 

Til toppen