Luster: Det seier leiar i Skjolden Bygdelag, Karlis Bremers.
I 2007 kom fyrste cruiseskipet til Skjolden, og etter det har reiselivet auka i den bygda innerst i Sognefjorden.
Denne sommaren kom det på plass sju nye skilt i bygda, som har fått mykje merksemd både frå fastbuande og turistar.
– Eg jobba i turistinformasjonen for lenge sidan, og då såg eg eit behov for skilt, spesielt under cruiseanløp då folk ikkje visste kvar dei skulle gå, seier Bremers.
Ein del av ein større plan for Skjolden
Saman med Jon Bolstad, medlem i Wittgenstein-stiftinga, utvikla dei ein ide.

– Me blei ei undergruppe for bygdelaget som skulle jobba med eit design- og profilprogram, der skiltinga var ein del av det me skulle gjennomføra. Skiltinga er ein del av ein større plan me har for Skjolden i framtida, seier Bremers.
No står sju raude skilt med høveleg informasjon plassert rundt på ulike stader i bygda. Fargevalet raudt var ikkje tilfeldig då skilta blei til.
– Fargevalet blei debattert og tenkt mykje gjennom, og folk kom med forslag om både svarte og grøne skilt. Me kom på ideen om knallraude skilt, og har holdt fast ved denne idéen.
Bremers: – Ein raud tråd gjennom bygda
Bremers meiner fargevalet er spenstig og med god grunn.

– Me enda på ein farge som både syns godt, og som gjev identitet til Skjolden. Samstundes passar fargen bra fordi me har ein skulptur i same raudfarge, samt at logoen til Skjolden er raud. Du kan seia det går ein raud tråd gjennom bygda, seier han og ler.
Skilta kjem frå Tyskland, og er finansiert av bygdelaget, samt sponsorar frå kommunen.
– Både Luster Sparebank, NTP, Luster Energiverk, og andre lokale verksemder har støtte oss mykje med dette skiltprosjektet, og det er me svært takksame for, seier Bremers.
Positiv til eit sterkt reiseliv på Skjolden
I tillegg til skilta skal det koma nye informasjonstavler til bygda i regi av Wittgensteinstiftinga.
– Dette skal koma langs den nye turstien mellom Skjolden og Fortun som no blir bygd. Alt dette skal vera med på å gjera Skjolden meir attraktivt og brukarvenleg for gjester som kjem hit. Ein har ikkje vore god nok på dette tidlegare, men no skal det bli betre, seier leiaren i bygdelaget engasjert.
Han er positiv til eit auka og sterkt reiseliv på Skjolden.
– Både bygda vår og kommunen tenar på eit auka og sterkt reiseliv. Det vil vera med på å løfta heile regionen vår, samstundes som at eit sterkt Skjolden vil vera med på å skapa arbeidsplassar og gje reiselyst.