DRIVSTOFF: Senterparti-politikar Janne Sjelmo Nordås meiner det er viktig å auka bruken av biologiske energikjelder, samstundes som ein reduserar bruken av fossile. Foto: Senterpartiet. 
DRIVSTOFF: Senterparti-politikar Janne Sjelmo Nordås meiner det er viktig å auka bruken av biologiske energikjelder, samstundes som ein reduserar bruken av fossile. Foto: Senterpartiet. 

MEININGAR

Skog på tanken!

Les kommentaren til Janne Sjelmo Nordås, samferdselspolitisk talskvinne for Senterpartiet om biodrivstoff. 

NRK har i det siste sett biodrivstoff i fokus, dette er bra – men vinklinga burde vore ein anna. Senterpartiet føreslo som einaste parti å fjerne vegbruksavgifta for biodrivstoff i sitt alternative statsbudsjett for 2015.

Redusera flyplassavgifta

Dette er fordi vi meiner auka bruk av biologiske energikjelder, og redusert bruk av fossile er riktig veg å gå! Skal vi kome lenger i den retninga, må vi frå politisk hald føre ein politikk som bidreg til det, noko vi gjer.

I tillegg vil Senterpartiet gi 25 prosent reduksjon i flyplassavgiftene for fly som brukar biodrivstoff.

Bærekraft er eit vesentleg element dersom denne politikken skal bidra til eit meir klimavennlig samfunn. Derfor er ikkje import av biodrivstoff vårt svar, men at løysinga er biodrivstoff basert på norske ressurser.

- Uansvarleg

Det blir hevda frå fleire hald at det ikkje er mogleg å produsera nok, basert på norske ressurser. Fagetatane sine forslag til NTP sler fast eit mål på 1,7 milliarder liter biodrivstoff årleg i 2030. Det er heilt uansvarleg dersom ein skal basera dette på importert palmeolje.

Senterpartiet meiner det må vere eit politisk mål at alt dette skal produserast i Norge. Det er difor gledeleg at Norsk Skogeierforbund bekrefta at dette er mulig.

Det realistiske produksjonsnivået i 2030 ligg på i underkant av halvparten av målet på 1,7 mrd. liter, gitt dagens rammevilkår for næringa.

Eit billigare alternativ

Ved å forbetre rammevilkåra til norsk skogbruksnæring, og ved å gjere biodrivstoff til eit billigere alternativ enn fossilt drivstoff, kan skogbruket bli ein vesentleg del av det vi meiner med det grøne skiftet.

Dette betyr å byta ut fossile energikjelder med fornybare. Nemnte NTP-forslag fastsler også at det er mulig med auka biodrivstoffproduksjon basert på norske ressursar, og meiner det er behov for ein biodrivstoffstrategi som omfattar produksjon, tiltak og verkemiddel. Dette støttar Senterpartiet, og håpar regjeringa vil følgje opp dette i si behandling av NTP.

Vi er einige i at biodrivstoff produsert på palmeolje ikkje er bærekraftig. Derfor må vi diskutere korleis vi kan løyse dette nasjonalt. Vi treng ny industri, og kvifor skal ikkje Norge bli like leiande på framstilling av fornybar energi som vi er på fossil energi?

Til toppen