KJAPP REAKSJON: Elmer Sjøvoll frå Sogn brann og redning kan konstantera at dei fekk sløkt flammane kjapt denne gongen òg.
KJAPP REAKSJON: Elmer Sjøvoll frå Sogn brann og redning kan konstantera at dei fekk sløkt flammane kjapt denne gongen òg. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Skogbrannen på Kaupanger er under kontroll

Brannvesen har kontroll på brannen.

Klokka 13.36 melder politiet på Twitter om ein skogsbrann ved Amla på Kaupanger.

– Det er ein liten brann som har oppstått på same området som har vore utsatt for brann tidlegare i år, seier Nina Anders ved alarmsentralen.

Det tok ikkje lang tid før brannvesenet fekk sløkt brannen.

– No skal dei dynke området godt og fortsette med ettersløkning slik at dei er sikker på at brannen er sløkt, seier ho.

 Saka blir oppdatert. Tips? Kontakt 458 15 782 eller tips@porten.no.

Til toppen