Kaupanger: Klokka 18.59 melder Alarmsentralen at dei har kontroll på begge brannane.
Rund 17.30 hadde fleire brannbilar, politi og ambulanse rykka ut til Festingedalen i nærleiken av bosplassen på Kaupanger.
– Både brannsmannskap frå Sogn brann og redning og politi er på veg til staden, sa vakthavande hos Alarmsentralen til Porten.no like etter.
Porten sin fotograf på staden kunne ein halvtime seinare fortella at brannvesenet såg ut til å ha kontroll på brannen, men at situasjonen framleis var uoversiktleg.

Der var då ingen flammar å sjå, men røyken steig opp enno. Du kunne tydeleg sjå at det var svidd på bakken og litt oppetter trea ved sidan av ein skogsveg.
Den offisielle stadfestinga frå politiet om at brannen var sløkt kom få minutt seinare.
Klokka 18.20 kom det inn melding om ein ny brann på Kaupanger, denne gongen på Dalaker, bak industrifeltet. Sogn Avis var dei første til å melda om brann nummer to.
– Brannen var konsentrert rundt ei furu. Men det kunne blitt stort viss ikkje det var fleire sivile i området som gjekk raskt på for å sløkka. Dei gjorde ein kjempejobb, seier Frode Korneliussen ved Alarmsentralen til Porten.no.
Òg den brannen er no under kontroll.
Les òg: Brannen starta på nøyaktig same plassen som for ei veke sidan
Saka blir oppdatert. Tips? Kontakt 458 15 782 eller tips@porten.no.