Skråblikk: Forfattaren ønskjer av yrkesmessige årsaker å vere anonym.
Eg las nyleg i avisa om norske spritprodusentar som tek del i den nasjonale dugnaden og produserer handsprit i staden for brennevin. Me på bygda har no alltid vore vande med å klare oss sjølve, og det finst fleire dyktige norske spritprodusentar enn dei som flottar seg med aksjeselskap og produksjonsløyve inni by'n.
Eg veit det finst mykje godt utstyr kringom på garasjeloft og låvehemsar i bygdene, som kunne vore sett i god bruk no. I alle fall her langs Sognefjorden. Her har sjølvbergingskulturen stått svært sterk så lenge eg kan hugse, eller i alle fall fram til dei fekk pol i Høyanger. Og me er vel fleire som har rikeleg med poter frå i fjor liggande i kjellaren, som me er leie av å gå og ete på. Det er ikkje lenge til neste avling, og dei seier at dei har rikeleg i butikkane, så me treng ikkje desse til mat.
Det er andre behov som er meir prekære no om dagen. Krisetid er ikkje tid for å være fin på det. Av og til lyt ein sjå mellom fingrane og tilgi gamle synder når det kan hjelpe til å redde liv og helse.
Eg meiner difor at regjeringa lyt syne handlekraft no, og gje amnesti til alle som har sitt eige destilleringsapparat og har vet til å bruke det. Slik kan ein sikre tilgang på handsprit også i bygdene, ikkje berre til fintfolket inni by'n. Me er klare til å ta del i dugnaden, berre regjeringa let oss hjelpe til med det handverket me kan best.