TRAVEL HAUST: Kåre Rudningen (t.h.) har testa mange hundre hovud av rein og hjort, pluss nokre elghovud for skrantesjuke denne hausten. Her saman med Håkon Lydvin i Statens Naturoppsyn. Arkivfoto: Knut Fredrik Øi 
TRAVEL HAUST: Kåre Rudningen (t.h.) har testa mange hundre hovud av rein og hjort, pluss nokre elghovud for skrantesjuke denne hausten. Her saman med Håkon Lydvin i Statens Naturoppsyn. Arkivfoto: Knut Fredrik Øi  (Foto: Knut Fredrik Øi)

Skrantesjuka: – Ekstremt viktig at folk melder inn fallvilt

Ingen hjortar eller elgar som vart skotne under jakta i testperioden hadde skrantesjuke. No er det om og gjera at folk som finn daude hjortedyr melder frå.

Lærdal/Årdal/Aurland: – Det er uhyre viktig at me får undersøkt fallvilt. Dette kjem eg til å masa om så ofte som mogleg, seier Kåre Rudningen.

Han har hatt ein haust noko utom det vanlege. Med sin bakgrunn frå Mattilsynet og som veterinær i ei årrekkje har han sidan reinsjakta starta 20.august stått på eit kjølelager på Borgund og pirka i reins-, hjorte- og elghovud på jakt etter den frykta sjukdommen CWD - eller skrantesjuke, som det norske namnet på sjukdommen er.

– Me har registrert 335 felte reinar i Nordfjella under jakta og me fekk inn 333 reinshovud frå dette villreinområde. Så innsatsen til jegerane kan berre skildrast som fantastisk, seier han.

I teorien skal 12-13 reinar døy av skrantesjuke det komande året

Skrantesjuka vart for første gong påvist i Europa på ei reinssimle i nettopp Nordfjella i april. I mai vart sjukdommen påvist på to elgar i Sør-Trøndelag. Dermed vart eit storstilt kartleggingsprogram rulla i gang.

Les også: – Smittsam nervesjukdom på villrein

Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Under reinsjakta vart det påvist smitte på to av dei 333 testa reinshovuda - først ein bukk skoten i Lærdal, deretter på ei simle skoten i Ål i Hallingdal.

Les også: Enno eit tilfelle av CWD i Nordfjella

 – I Nordfjella har me ei stamme på 2500 dyr. Det ser ut som det ligg på om lag ein prosent smitte, det vil seia at det skal vera om lag 25 smitta individ i stamma. Utifrå amerikansk forsking viser det seg at halvparten av dei smitta individa døyr i løpet av eitt år, altså skal i teorien 12-13 reinar døy av sjukdommen innan neste haust.  

Og fordi det frå no og fram til reinsjakta startar att stort sett berre er snøskred som utgjer ein risiko for reinane, er sjansen stor for at ein eventuell død rein nokon kjem over har stryke med nettopp av skrantesjuka.

– Difor blir det så fantastisk viktig å få undersøkt fallvilt, seier Rudningen.

Gledeleg overraska 

Elgar skote først i jakta og hjortar felt frå jaktstart 1.september til 6.oktober skulle også testast for den frykta sjukdommen. Då ein i slutten av september ikkje hadde funne smitte på nokre av dei testa hjortane, vart testperioden utvida til 1.november.

Les også: Utvidar CWD-testinga

No er alle analysane av hjortane som er testa etter å ha blitt felt under jakta unnagjort. Av 118 hjort og elg i Lærdal, 51 i Årdal og 42 i Aurland var alle testane negative.

– Hjorten og elgen går til dels i same området og beitet som reinen i Nordfjella - er du overraska over at ein ikkje fekk nokre positive testar på hjort eller elg? 

– Eg hadde frykta at ein også fann sjukdommen på hjort, så jau - eg er gledeleg overraska. Det er nok ikkje så uforklarleg som at dei ikkje har funne CWD på fleire individ i Trøndelag ettersom to elgar testa positivt der i mai. Det er ei vitskapeleg nøtt det blir spennande å sjå kva ein finn av forklaringar på.

Infiserte individ kan fortare ramla utover ein skrent

Likevel er hjorte- og elgstamma på langt nær friskmeld av den grunn - særskild hjort som døyr ute i terrenget blir lettare oppdaga enn sjølvdaua rein ettersom hjort lever nærare folk flest.

– Dei færraste individa som er smitta av skrantesjuke døyr av sjølve sjukdommen, oftare av følgjetilstandar. Ein hjort kan for eksempel bli meir tilbøyeleg til å rota seg ut i vegen og bli påkøyrd grunna sviktande dømmekraft som følgje av sjukdommen. Eller eit kva som helst hjortedyr med skrantesjuke vil fortare ramla utfor ein skrent fordi det blir svekt og har dårlegare balanse enn om det var friskt.

I tillegg til at fallvilt altså skal testast, kan jegerar som skyt hjort no fram mot jul få CWD-testa individet om dei tek kontakt med Mattilsynet og dei har kapasitet.

Rudningen fortel at det no i desse dagar blir laga eit opplegg for tettare oppsyn med dei ulike stammene.

– Statens Naturoppsyn har ansvar for reinsfjellet, den kommunale viltforvaltinga for viltet i låglandet og Mattilsynet skal stå for testing.

– Korleis tykkjer du det har gått med testinga de har gjennomført i haust?

– Med tanke på den korte tida me fekk til å førebu oss vil eg seia det har gått greitt. Litt oppstartsvanskar og noko detektivarbeid på grunn av feilskriving for å finna ut kva hovud som har tilhøyrt kva nummer. Men oppdragsgjevarane Norsk institutt for naturforskning, Mattilsynet og også landbruksministeren har gått ut og sagt dei er nøgde med jobben som er gjort her rundt om.  

Til toppen