TYNNAST UT: I første omgang skal reinsbestanden i Nordfjella sone 1 tynnast ut gjennom intensiv jakt. Arkivfoto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen.
TYNNAST UT: I første omgang skal reinsbestanden i Nordfjella sone 1 tynnast ut gjennom intensiv jakt. Arkivfoto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen. (Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen)

Skrantesjuka: – Må gjera så godt me kan

I løpet av dei komande vekene vil fleire konkrete tiltak i kampen mot skrantesjuka koma. 

Indre Sogn: – Kontaktsmitte mellom individ er først og fremst måten sjukdommen spreier seg på i ein tidleg fase. Av det me veit no er me altså i ein tidleg fase av utbrotet, og difor blir det viktig å redusera kontakt individ mellom i størst mogleg grad, seier forskar Olav Strand i Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Som kjend er den svært smittsame, dødelege sjukdommen skrantesjuke (CWD) påvist på tre villreinar i Nordfjella.

Les også: Dødeleg sjukdom påvist hjå norsk villrein

Under eit informasjonsmøte om sjukdommen i januar med representantar frå mellom andre NINA, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet vart harde realitetar lagt på bordet.

Veterinær Bjørnar Ytrehus i NINA gav jegerar, grunneigarar og andre interesserte som var til stades på møtet sjokkbeskjeden om at sanering av heile reinsbestanden på rundt 1800 individ i Nordfjella sone 1 ville bli aktuelt.

Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer

Modellen han viste gjekk også ut på at tettleiken i hjortebestandane i tilgrensande områder til Nordfjella bør ned.

HJORT: Reduksjon i tettleiken av hjort i bestandane rundt Nordfjella vart fremja som eit aktuelt tiltak under informasjonsmøtet i januar. Arkiv
HJORT: Reduksjon i tettleiken av hjort i bestandane rundt Nordfjella vart fremja som eit aktuelt tiltak under informasjonsmøtet i januar. Arkiv

–  Kort og godt for å redusera smittepresset, når altså kontaktsmitte er måten dette i størst grad spreier seg ved på dette stadiet. Tynning av ein reinsbestand vil ikkje fungera i same grad når det gjeld kontaktsmitte – fordi reinen lever så tett saman i flokkar at individa uansett vil vera mykje i kontakt med kvarandre, forklarar Strand.

Viktig rapport kjem i slutten av mars

Det er ikkje bestemt at reinen i Nordfjella sone 1 skal sanerast ut, i denne omgang  ligg det an til intensiv jakt – det betyr svært mange løyver og tre gonger lengre reinsjakt enn normalt. 

Les også: Føreslår tre gonger lengre reinsjakt

– Denne hausten er det snakk om å prøva å ta ut mest mogleg gjennom å effektivisera jakta. Så er vel planen at ein skal status for vidare gang i etterkant, seier Strand.

Endeleg kvote og jakttid for reinsjakta blir avgjort når villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen held årsmøte 19. april. 

Før den tid vil det koma ein rapport frå Vitenskapskomiteen for Mattrygghet som skal vurdera kva ulike tiltak og strategiar som kan avgrensa vidare smitte av skrantesjuke. Denne rapporten er varsla å koma siste veka i mars, og vil leggja mykje av grunnlaget for vidare arbeid og tiltak.  

Les også: Vurderer tiltak mot skrantesjuke

Les også: Eit nærast umogleg val

Skal testa 21 000 individ av vilt

Samstundes vil det bli gjennomført omfattande testing av skrantesjuke i regi av Mattilsynet for å finna ut mest mogleg om kor vidt sjukdommen har spreidd seg utover Nordfjella sone 1. Testinga vil bli gjort på både villrein, hjort og elg.

Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg

Les også: Utvidar CWD-testinga

Skrantesjuke vart også påvist på to elgar i mai i fjor. Skrantesjuka har aldri vorte påvist nokon plass utom det amerikanske kontinentet, med unntak av i Korea, der smittekjelda var importerte dyr frå Amerika. Før den altså vart påvist i Nordfjella – og på to elgar i Selbu i Sør-Trøndelag. 

Forskarane trur no at utbrotet på elgane er ein annan variant av sjukdommen enn den som er påvist på nordfjellareinen.

– Om ein byrjar med sannsynsrekning; kva er sannsynet for at det blir påvist tilfeller skrantesjuke i Noreg på to stader samstundes utan at det finst nokon fellesnemnar som helst?

STOR JOBB: Forskar i Norsk institutt for Naturforsking, Olav Strand, her under informasjonsmøtet om skrantesjuka som vart halde i Lærdal i januar. Arkiv
STOR JOBB: Forskar i Norsk institutt for Naturforsking, Olav Strand, her under informasjonsmøtet om skrantesjuka som vart halde i Lærdal i januar. Arkiv

– Sannsynet for utbrot av sjukdommen i det heile er vanvittig liten. Eg er økolog, men veterinærane som kan diagnostikken seier at varianten i Nordfjella er klassisk CWD. Det er snakk om stammer av ein viss type protein, såkalla prion, som utviklar seg på feil vis – det er det denne sjukdommen er. Ein meiner no at sjukdommen på elgen i Selbu er av ei anna stamme enn den i Nordfjella. Kva eigenskapar denne stamma på selbuelgen har, veit ein ikkje. Det er sett i gang dyreforsøk og mykje anna for å finna ut meir om dette, forklarar Strand i NINA.

– Har priona gen så ein med sikkerheit kan fastslå at CWD-en i Nordfjella faktisk stammar frå Amerika?

– Prionane har ikkje gener sjølve, men er kopiar av gensetta som er ein genetisk modell for proteinet. At CWD-en i Nordfjella kjem frå Amerika veit ein ikkje sikkert – det ein er sikker på er at det er CWD. Og ein veit at den har dei same eigenskapane som CWD-en i Amerika. Korleis smitta vil bre seg hjå villrein er ein usikker på, men forskarane er redde for at sjukdomen vil bre seg snøggare hjår reinsdyr.

Les også: Har ikkje funne ut av smittekjelda

Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Spreier seg i ulik grad i ulike populasjonar

Noko som er dårleg nytt. Fordi skrantesjuka – eller CWD – har spreidd om seg i Amerika. 24 delstatar i USA og tre provinsar i Canada er råka.

– Det er lokale skilnader på korleis dette spreier seg. Elgen på det amerikanske kontinentet lever svært spreidd og det er få tilfeller på elg. Mulhjort, derimot, lever i store, tette flokkar – meir likt rein, men reinen er enno meir ekstrem når det gjeld tettleik. Og på mulhjorten spreier sjukdommen seg raskt.

– Blir det gjort forsøk på å finna «alternative» forklaringar på utbrota av CWD? Mellom anna har det i Sibir smelta fram fleire tusen år gamle miltbrannbakteriar som smittar folk og fe att. Kan det tenkjast at det ligg smittestoff av CWD i jordsmonnet frå langt tilbake som smeltar fram med den globale oppvarminga?

– Det blir ikkje gjort noko i høve slike «alternative» teoriar enno, og om det blir det veit eg ikkje. Nedskytingsprogramma i Amerika har skapt store kontroversar, og liknande teoriar eksisterte der. Dei har vorte ettertrykkeleg tilbakevist, seier Strand. 

I ein ny rapport frå det nordmamerikanske kompetansesenteret "Alliance of Public Wildlife" er kunnskap, forvaltningsimplikasjonar og føreslegne tiltak for å hindra spreiing av denne dødelege sjukdommen omtala.

Føreslegne tiltak i rapporten er oppsummert i fire punkt:

1. Hindra spreiing ved å stoppa flytting av levande dyr, potensielt smitta kadaver, dyredeler/-produkt og utstyr brukt til å sjekka dyr for sjukdommen.

2. Krav om prøvetaking frå alle områder som potensielt er smitta med sjukdommen.

3. Sikra at ikkje skrantesjuka når den menneskelege matkjeda.

4. Etablera nødvendig forsking og forskingsbasert politikk for å ivareta offentlege interesser.

Vil eventuell reetablering av villrein i Nordfjella lukkast?


Av rapporten går det også fram at berre halvparten av forsøka på å reetablera stammar i CWD-råka områder har vore vellukka. Altså har det dukka oppatt CWD i halvparten områda der ein har prøvd på reetablering etter å ha late eit område liggja i brakk eit viss tal år.

Det er denne modellen med reetablering etter sanering av dagens bestand og ein periode med brakklegging som kan væra den beste moglegheiten for CWD-fritt Nordfjella sone 1 i framtida. 

– Har altså nedskyting av nordfjellareinen og påfølgjande reetablering såleis berre 50 prosent sjanse for å lukkast?

– Nei, det talet trur eg ikkje eg ville ha blitt brukt. Ein del av desse områda dette har skjedd på i USA er store, inngjerda områder der jegerar går inn og jaktar – det blir ein heilt annan situasjon. I den andre enden er det amerikanske landskapet kontinuerleg. Så lenge CWD berre er å finna på rein i Nordfjella, er det snakk om avgrensa områder og ein avgrensa bestand. Men det blir mykje vanskelegare viss den dagen kjem at ein oppdagar CWD på hjort, seier Strand.

– Må bruka totalskunnskapen

Kort oppsummert er altså tiltaka for å hindra spreiing av CWD – og få kartlagt eventuell sjukdomsspreiing – følgjande:

  • Intensiv reinsjakt i Nordfjella sone 1, kvotar og jakttid blir avgjort 19. april.
  • Truleg meir intensiv hjortejakt på bestandar i tilgrensande områder til Nordfjella – kvotar og jaktopplegg elles blir klart i løpet av våren.
  • Ei forskrift med mellom anna forbod mot fôring og salting av hjortedyr vart innført i juli i fjor i visse fylker og kommunar – forbod mot salting av beitedyr i kommunane råka av skrantesjuke er varsla å koma i løpet av april.
  • Etablerte saltingsplassar i Nordfjella blir kartlagde, tiltak kan koma. Instansar som jobbar med snøskuter i Nordfjella har internrutinar.
  • Overvaking av reinen i Nordfjella sone 1 vart innført på nyåret; det tyder overvaking av sjølve flokkane for å identifisera sjuke dyr, og overvaking av sonegrensene. Det siste inneber overvaking av rv. 52 for å hindra at villrein frå sone 1 kryssar inn i tamreinsflokkane på Hemsedalsfjellet, og overvaking av fv. 50 for å unngå at rein frå sone 1 kryssar inn i Nordfjella sone 2. Det er også tale om å setja opp eit gjerde på Hemsedalsfjellet for unngå blanding av tam og vill rein.

Les også: Saltstein kan vera smittekjelder

Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring

– Ein må tenkja seg om og bruka totalkunnskapen i denne saka. Så må ein gjera så godt ein kan og håpa at ein lukkast med å temja denne forferdelege sjukdommen, avsluttar Strand.

Til toppen