STADFESTA MISTANKEN: Veterinærinstituttet stadfesta fredag mistankane om nye tilfelle av skrantesjuke hjå villrein i Nordfjella. – Me har fått stadfesta at både kalven og bukken som vart felt i Fødalen og Lærdal, hadde CWD i lymfeknutane, seier Lars Nesse.
STADFESTA MISTANKEN: Veterinærinstituttet stadfesta fredag mistankane om nye tilfelle av skrantesjuke hjå villrein i Nordfjella. – Me har fått stadfesta at både kalven og bukken som vart felt i Fødalen og Lærdal, hadde CWD i lymfeknutane, seier Lars Nesse. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Skrantesjuka stadfesta hos Nordfjella-rein

Veterinærinstituttet stadfesta fredag mistankane om nye tilfelle av skrantesjuke hos villrein i Nordfjella, skriv Hallingdølen.

Lærdal: Analysane som Veterinærinstituttet no har gjort av reinskalven og bukken som vart felte tidleg i villreinjakta i Fødalen og Lærdal, tyder på at dei begge var smitta med skrantesjuke (CWD).

– Fredag morgon var prøver frå rundt 135 dyr analyserte. Vi har fått stadfesta at både kalven og bukken som vart felt i Fødalen og Lærdal, hadde CWD i lymfeknutane, men ikkje i hjernen, seier leiar i villreinnemnda i Nordfjella og CWD-koordinator Lars Nesse til Hallingdølen.

– Det er ikkje overraskande at bukken hadde CWD, men at også kalvar kan bli smitta, er nytt og oppsiktsvekkjande. Ein har hittil rekna med at det berre er vaksne dyr som blir smitta, seier Nesse.

Framleis står det igjen å sjå om det kjem fleire positive prøver frå Nordfjella-rein. Søndag startar òg villreinjakta på Hardangervidda, og mange er no spente på om ein også der vil finne dyr med skrantesjuke.

(©NPK)

Til toppen