SKRANTESJUKA: Villreinstammen i Nordfjella har dei siste åra vore råka av eit stort utbrot av skrantesjuka, og det har fått mykje av merksemda i området.
SKRANTESJUKA: Villreinstammen i Nordfjella har dei siste åra vore råka av eit stort utbrot av skrantesjuka, og det har fått mykje av merksemda i området. (Foto: Shutterstock)

Skrantesjuka utrydda heile stammen. No vil dei skifta fokuset i Nordfjella

Vestland fylkeskommune innfører fleire tiltak for å bevare jaktkultur og leggje til rette for framtidige villreinstammar.

Indre Sogn: I ei pressemelding skriv Vestland fylkeskommune at skrantesjukeutbrotet i Nordfjella førte til at all villrein i sone 1 måtte bli teken ut. Utbrotet i villreinstammen har teke enormt mykje av ressursane og merksemda i Nordfjella dei siste åra.

No vil fylkestinget i Vestland rette søkjelyset mot andre viktige tema i området. 

Prosjektet «Jaktkultur i Nordfjella» er eit resultat av at kommunar i området er uroa for at denne kulturen og tradisjonen skal gå tapt etter at all villrein i området nord for fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol måtte fjernast.

Vidareføring av tradisjonar og jaktkultur

Fylkesordførar Jon Askeland trur prosjektet vert viktig for å vidareføre tradisjonar og jaktkultur knytt til villreinen i kommunane det gjeld.

– Målet er å gje barn og unge som veks opp rundt Nordfjella kunnskap om både villrein og jaktkultur, sjølv om vilreinen no blir vekke frå fjellet i ein periode, seier han.

Eit anna tiltak i handlingsprogrammet er ein felles sti- og løypeplan for det nasjonale villreinområdet i Nordfjella.

Målet er å få eit grunnlag for å leggje om stiar og løyper som kan vere i konflikt med villrein og anna naturmangfald, og samstundes ta vare på behova til reiselivet og friluftslivet.

Planen skal òg vurdere kvar aktivitetar som kiting, hundekøyring og likande bør gå føre seg. 

På sikt skal det bli etablert ein ny villreinstamme i Nordfjella, men korleis dette skal skje er enno ikkje heilt avklart. 

Til toppen