SYGLEDE: Grete Gulliksen Moe har i boka «Kult å sy» funne fram til oppskrifter som kan vere til nytte og glede for særleg den yngre generasjonen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
SYGLEDE: Grete Gulliksen Moe har i boka «Kult å sy» funne fram til oppskrifter som kan vere til nytte og glede for særleg den yngre generasjonen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Skreddarsydd for heimen

Grete Gulliksen Moe vil få dei unge til å sy seg gjennom livets ulike fasar.

GOLVPUTE: Sy di eigen golvpute i bomull og lin. Vil du gjere det litt meir avansert kan du som her sy på knytelukning. 
GOLVPUTE: Sy di eigen golvpute i bomull og lin. Vil du gjere det litt meir avansert kan du som her sy på knytelukning. 

– Det verkar som syinteressa hjå dei unge er på veg opp. Mange kjøper seg symaskin og ønskjer å lage noko til heimen som ikkje alle andre har, seier Grete Gulliksen Moe, mens ho danderer sjølvsydde puter utover sofaen.

Ho har jobba med saum heile sin yrkeskarriere, både som formgjevingslærar, kurshaldar og hobbybokforfattar. Nå er ho aktuell med si 18. bok, og denne gongen rettar ho seg mot dei unge.

– Boka er for dei som har lyst til å begynne å sy, men som er usikre på korleis dei skal komme i gang, seier ho.

– Tanken er å vise enkle oppskrifter på ting du kan lage i livets ulike fasar – frå du flyttar på hybel og syr puter til din første sofa, til du får born og har lyst til å lage noko eige til babyen, held ho fram.

I «Kult å sy» viser ho oppskrifter på blant anna enkle, små puter, store golvputer, berebag à la Ikea, sengeteppe, babyteppe, sovereir og leikepose.

Artikkelen held fram under biletet

RESTEBRUK: Små restar kan brukast til ei lita brikke eller eit teppe. 
RESTEBRUK: Små restar kan brukast til ei lita brikke eller eit teppe. 

Sy til barna

Boka byrjar med «Gretes vesle syskule».

– Det er avgrensa kva ein lærer av handarbeid på skulen i dag, så det kan vere lurt å få med seg litt grunnleggjande om materialar og teknikkar før ein set i gang, seier ho, medan ho bak symaskina viser korleis ein lagar rettvinkla trekantar som ein set saman til ei pute.

BERENETT: Det store berenettet er inspirert av Ikea, og er praktisk for å få med seg mykje på ein gong. 
BERENETT: Det store berenettet er inspirert av Ikea, og er praktisk for å få med seg mykje på ein gong. 

Boka er dedisert til dei seks barnebarna, som ho håper vil få same glede over å skape noko kreativt som henne sjølv. Til så lenge nyt dei i alle fall godt av farmors kreativitet. I boka er eit eige kapittel om ting du kan sy til babyen.

– Denne har eg laga til det yngste barnebarnet mitt, Sigrid, seier ho, og viser fram ein minnepose: Eit tøynett der dei første skoa, den første kosebamsen og andre minner kan leggjast og sparast på til Sigrid blir vaksen.

Sjølv om det ho lager er nytt er materialane gjerne gamle.

– Gjenbruk er i tida. Det er miljøvennleg, og gir deg dessutan heilt gratis materialar, seier Gulliksen Moe, som i boka har teke med eit eige kapittel om gjenbruk av gamle skjorter og bluser.

– Gamle skjorter er noko mange har liggjande, eller du kan kjøpe dei billig på loppemarknad eller liknande.

Mjuke materialar

Gulliksen Moe er oppteken av materialar, og reklamerer for både lin, ull og bambus.

– Dette er lin frå Estland, seier ho, og viser fram eit grønt sengetøy til barneseng.

– Sengetøy i lin er veldig smart, det har stor sugeevne og er kjølig og behageleg mot huda, seier ho. Babyreiret ho har laget, har ho fylt med bambusvatt.

– Bambus er veldig i tida. Det er miljøvennleg, og bambus gjer vatten mjukare, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

GJENBRUK: Gamle skjorter og bluser kan bli til flotte teppe. 
GJENBRUK: Gamle skjorter og bluser kan bli til flotte teppe. 

Lammeskinn frå Gotland har ho i boka brukt både til store golvputer og til feller med skinn på eine sidan og lappar på den andre.

– Desse skjenene er utruleg mjuke og glatte, nesten som silke, og veldig gode å sitte eller liggje på for både små og store, seier ho.

Gjennomgangsfargen i boka er gul.

– Eg ville lage noko som den unge generasjonen liker, og tenkte at gult er ein farge som er på veg inn, seier ho, og minner til slutt om at ein slett ikkje trenger å kaste seg over avanserte prosjekt for å ha glede over skape noko.

– Kan du sy ein rett saum, kan du sy det meste i boka.

MYKT: Desse skjenene frå Gotland er silkemjuke, og fine å bruke til puter og feller. 
MYKT: Desse skjenene frå Gotland er silkemjuke, og fine å bruke til puter og feller. 

(©NPK)

Til toppen