Sogndal: Torsdag morgon gjekk det eit skred på Togga, som er ein av dei mest populære toppturane i Sogndalsdalen. Skredet har gått heilt inntil det som er den normale vegen opp, og i området der mange vel å køyra ned.
– Togga er normalt sett veldig trygg, og han var forsåvidt trygg denne gangen òg, men du treng ikkje gå mange metrane til sides for å komma bort til der brotkanten gjekk, seier Per Odd Grevsnes, leiar i både Sogndal skisenter og Luster og Sogn skredgruppe.

Skifolket får ros
Han seier raset gjekk tidleg om morgonen, då det var lite folk oppe i fjellet. Det gjorde det usannsynleg at nokon var tekne, i tillegg var ingen melde sakna. Difor vart det heller ikkje sendt ut redningsmannskap.
Grevsnes er glad for den gode timinga, samtidig som han rosar skifolket for å ta gode val.
– Me har ikkje hatt ei einaste utrykning i Sogn, det trur eg er nettopp fordi folk er flinke og tek dei rette vurderingane. Påska i år er enkel, du må ligga unna utløpssoner og terreng som er brattare enn tredve grader, for skredproblema finst i alle himmelretningar, seier Grevsnes.
Skredfaren ikkje over med det første
Skredet i dag tidleg berre eitt av mange dei har observert rundt omkring i fjella denne påska. Dei fleste skuldast eit såkalla vedvarande svakt lag i snøen.
– Det betyr at den høge skredfaren vil vara heilt til me får mildvêr. Den vil vara ut påska, seier Grevsnes.
I går var det fleire tusen menneske i alpinanlegget og på fjella rundt om i Sogndalsdalen. For ein skisentersjef slit det då litt på nervane når han får tilsendt bilete av skred, slik som i dag tidleg. Samtidig fokuserer dei på det dei kan gjera noko med.
– Me har vore nervøse, men litt av oppgåva til oss som driv med dette er å fortelja folk om skredproblem og visa dei var dei kan leita fram god informasjon, seier Grevsnes, og oppmodar alle om å sjekka varsla på Varsom.no og regObs.no.