OBS: Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane der dei åtvarar mot vanskelege køyreforhold i fjellet på grunn av vêret. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
OBS: Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane der dei åtvarar mot vanskelege køyreforhold i fjellet på grunn av vêret. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Skredfare på gult nivå

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel med dårleg vêr i vente.

Årdal/Lærdal: Fredag morgon ser det førebels ut til å gå fint med trafikken over fjellet, og sjølv om det er grått ute, er ikkje vêret ekstremt.

Men Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel der dei åtvarar mot svært vanskelege køyreforhold i fjellet.

Fredag går også NVE ut og hevar faren for jord- og flaumskred til gult nivå.

Fare for jordskred

– Det er venta mykje regn laurdag og tôrebyger enkelte stader med opp mot 70 millimeter nedbør på 24 timar. Frå fredag vil dette utgjere 110-120 millimeter over ti døgn. Snøgrensa er venta å liggje på rundt 600 til 800 meter over havet. Blir denne lågare, vil dette redusere jordskredfaren, skriv NVE i varselet.

Les også: Slik ser det ut på ein av fjellovergangane

– Grunnvasstanden og vassmetningsgrada i bakken er høg enkelte stader. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Lokal kan også stor vassføring i bekkar og mindre vassdrag føre til oversvømmingar. Rensing av dreneringsvegar og stikkrenner er anbefalt.

Vanskelege køyreforhold i fjellet

Natt til fredag var det venta særleg og til dels liten storm på kysten og i fjellet. Vinden skal dreie over på sørvest utover fredag føremiddag.

– Frå natt til fredag til fredag ettermiddag er venta vanskelege køyreforhold på fjellovergangane på grunn av snø og snøfokk. Det er også fare for lokalt mykje nedbør i samband med kraftige byger, heiter det i varselet frå Meteorologisk institutt.

Sjekk vêret der du er på Porten.no si vêr-side.

Til toppen