Lærdal: Eit titals villreinar, truleg berre bukk, ligg i eit skred ved Stardalsbergi i Nordfjella, som Porten.no melde i førre veke.
Grunneigar Oddmund Einemo fann reinane saman med styreleiar i Filefjell tamreinlag, Knut H. Maristuen. Einemo tok til orde for at reinane måtte hentast ut kjapt. Planen var også at reinane skulle hentast ut dagen etter dei var funne, men grunna sjukdom hjå mannskapet som skulle henta dei ut vart dette utsett til denne veka.
Les også: Fann reinsflokk teken av skred: – Eit grufullt syn

No fører skredfare i området til at uthenting må utsetjast ytterlegare i alle fall ei veke, stadfester både Mattilsynet og Statens Naturoppsyn overfor Porten.no.
- Det gjekk også eit skred i området i dag, måndag, seier Statens naturoppsyn Petter Braaten.