SKREDKURS: Her øver deltakarane på kva dei skal gjere etter at det har gått eit snøskred. Foto: Kaja Nygård
SKREDKURS: Her øver deltakarane på kva dei skal gjere etter at det har gått eit snøskred. Foto: Kaja Nygård

Skredkurs kan redde liv 

Beredskapsansvarleg Rune Blikken frå folkehjelpen i Årdal var svært nøgd med skredkurset som vart arrangert på Jotnavåken i helga. 

Tyin: I helga hadde Norsk Folkehjelp skredkurs på Jotnavåken, hytta til Norsk Folkehjelp Årdal. Det var tilsaman 18 stykk som deltok på dette kurset. Vegard Standahl Olsen var instruktøren på kurset.

- Det er deltakarar frå lokallaga Årdal, Moelv, Follo og Elverum som er med på dette skredkurset. 4 av deltakarane er frå Årdal, fortel Beredskapsansvarleg Rune Blikken.

Skredkurset skulle gje deltakarane kompetanse til å kunne vere med i ein skredberedskap.

- Viss ein består dette kurset, så er dei ein del av skredberedskapen, seier Ida Kroksæter, som er tilsett i Norsk Folkehjelp.

Artikkelen held fram under bilete

NORSK FOLKEHJELP: Viss dei som deltok på kurset bestod, kan dei bli ein del av skredberedskapen.
NORSK FOLKEHJELP: Viss dei som deltok på kurset bestod, kan dei bli ein del av skredberedskapen.

Sikkerheit er høgst prioritert

Deltakarane fekk både teoretisk innføring på kva som skjer når det går eit skred og så prøvde dei det i praksis etterpå. Kroksæter fortel at deltakarane blant anna har øvd på sendar-mottakar og spadeteknikk.

- Ein lager ulike caser. Me skal øve oss slik som det kunne ha vore på verkelegheita. Me hadde for eksempel ein case, der to ungdommar var blitt tatt av skredet, då dei gjekk på ski. Så skulle deltakarane finne desse ungdommane og få dei i sikkerheit.

På eit slikt skredkurs er det stor fokus på sikkerheit, og da også din eigen sikkerheit.

- Du skal ikkje ta sjansar. Me som frivillig organisasjon skal ikkje ofre fleire, sjølv om nokre er tatt i eit skred. Eigen sikkerheit og det å gjere vurderingar er noko som blir lagt stor fokus på. Det er eigentleg ikkje rom for å gjere feil, men me veit jo at det kan skje likevel, fortel Blikken.

Snøskred meir og meir aktuelt

Blikken fortel at snøskred blir meir og meir aktuelt, fordi det er så store vêrvariasjonar. I tillegg er det fleire og fleire som er ute i fjellet, og mange brukar snøen og dei bratte sidene til blant anna ski.

- Det er fort å løyse ut skred, viss forholda ligg til rette for det. Ein må vere ops på dette med snøen. Nedbør, vind og vêrvariasjonar kan fort løyse ut eit skred. 

Til toppen