SKREDVARSEL: Måndag blei ei revidert utgåve av fjellvettreglane offentleggjort, der ein mellom anna har lagt til at ein må sjekke skredvarsel og sørge for at turen går trygt føre seg. Foto: Jonny Asperheim.
SKREDVARSEL: Måndag blei ei revidert utgåve av fjellvettreglane offentleggjort, der ein mellom anna har lagt til at ein må sjekke skredvarsel og sørge for at turen går trygt føre seg. Foto: Jonny Asperheim.

Skredvarsel inn i fjellvettreglane

Det er framleis «inga skam å snu», men dei nye fjellvettreglane skal også få folk til å sjekke skredvarselet og å ta meir ansvar for at fjellturen går trygt for seg.

Årdal/Lærdal: Reglane, som Den Norske Turistforening (DNT) og Røde Kors står bak, vart presentert av ei ekspertgruppe måndag. Dei ni nye reglane erstattar dei tidlegare, som stort sett har vore uendra sidan starten på 1950-talet.

– Tur i fjellet har fått ein utruleg popularitet. Det er mange fleire brukargrupper, som har skaffa seg toppturutstyr, men kanskje ikkje har den respekten for å ferdast i fjellet, seier styreleiar Berit Kjøll i DNT.

– Særleg dette med skred var ikkje tydeleg nok i dei gamle reglane. Dei nye reglane er meir pedagogiske, seier generalsekretær Åsne Havnelid i Røde Kors.

Ber folk ta ansvar

Mens ein før vart rådd til å ikkje legge ut på tur åleine og utan trening, heiter det no at du skal tilpasse turen etter evne og forhold. Målet er at folk sjølv skal ta meir ansvar for tryggleiken på tur.

Og formuleringar som «lytt til erfarne fjellfolk» og «grav deg inn i snøen om nødvendig» er ikkje lenger med, sjølv om det ikkje nødvendigvis er feil å gjere dette.

– Regelen er no «Spar på kreftene, og søk ly om nødvending». Det er ikkje alltid det er mogleg å grave seg ned i snøen, men vi oppfordrar også til å ta med ein vindsekk, eit turutstyr som kan redde liv, seier fjellklatrar Cecilie Skog, som har vore med på å forme ut dei nye reglane.

Vend i tide

Også regel nummer sju har fått ei oppfrisking. No heiter det «Bruk kart og kompass, vit alltid kvar du er». Eit tillegg til denne regelen omfattar også digitale hjelpemiddel for navigering.

Men regelen «Vend i tide, det er inga skam å snu», har fått stå.

– Det er kanskje den mest ikoniske fjellvettsregelen av alle. Det er nesten så vi ikkje torde å røre han. I mange tilfelle er det heilt nødvendig å snu. Det er nok den fjellvettsregelen eg sjølv har brukt mest, seier Skog.

Ikkje comeback for Severin

Mange knyter fjellvettreglane til Åsleik Engmarks karakter Severin Suveren, som gong på gong vart redda av flaks i NRK-videoane frå 1980-talet. Men dei oppdaterte reglane opnar neppe for noko comeback for den uførebudde skigåaren.

– Kjem det ein ny Severin Suveren? spurde Engmark, som var konferansier då ekspertane la fram dei nye råda.

Les også: Nydeleg vêr frista skifolket til fjells i helga

– Eg trur han må bli liggjande igjen på fjellet, men vi kjem til å bruke mykje tid på å få dei nye fjellvettreglane ut til folk, svara Havnelid.

Fakta om dei nye fjellvettreglane

Turistforeningen og Røde Kors har utarbeidd nye fjellvettreglar. Det er framleis ni reglar, men fleire av dei er endra eller fjerna, og punkt seks er heilt nytt.

  1. Planlegg turen og meld frå kvar du går.
  2. Tilpass turen etter evne og forhold.
  3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel.
  4. Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar.
  5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre.
  6. Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is.
  7. Bruk kart og kompass, vit alltid kvar du er.
  8. Vend i tide – det er inga skam å snu.
  9. Spar på kreftene, og søk ly om nødvendig.

Slik var dei gamle fjellvettreglane, som stort sett har vore uendra sidan 1950-talet:

  1. Legg ikkje ut på langtur utan trening.
  2. Meld frå kvar du går.
  3. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane.
  4. Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.
  5. Lytt til erfarne fjellfolk.
  6. Bruk kart og kompass.
  7. Gå ikkje åleine.
  8. Vend i tide – det er inga skam å snu.
  9. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig. (©NPK)
Til toppen