Sogndal: Skredvarslingstenesta til NVE, varsom.no, melder om stor snøskredfare i Indre Sogn laurdag. Skred kan losna av seg sjølve, og i terreng der det sjelden er farleg. Enkelte skred kan i tillegg bli særs store.
– Snø og kraftig vind gjer ein allereie skjerpa skredsituasjon meir alvorleg. All ferdsel i og i nærleiken av skredterreng vil vera forbunde med stor risiko, står det i varselet.
I Sogndal tek dei meldingane på alvor. Arrangementet som pågår i bygda har trekt til seg oppimot 1500 skientusiastar.

– Me gjer alt me kan for å halda det trygt, seier Stian Hofslundsengen i Fjellsportfestivalen.
Les óg: Festivalsjefen trur dei blir utselde for andre år på rad
Tryggleik i høgsetet
Festivalsjefen er trygg på at dei skal greia å tilpassa seg dei alvorlege meldingane.
– Her i Sogndal har me alle føresetnader for å køyra god snø, sjølv om det kan vera skredfare. Me har så mange alternativ om til dømes høgfjellet skulle vera farleg. Så eg trur ikkje festivaldeltakarane kjem til å li den store nøda, seier han.
Kvar kveld, torsdag til laurdag, inviterer arrangørane ein ekspert frå NVE til å gå gjennom skredvarselet for festivaldeltakarane. Alle offisielle turar blir leia av godkjende tindevegleiarar.
– Dei vil ikkje gå om det ikkje er hundre prosent trygt. Viss dei ser at ein tur er skummel, så hyver dei seg rundt og finn alternativ. Det er dei gode på seier Hofslundsengen.
– Mykje av aktiviteten vår elles vil skje i skitrekket i Rindabotn. Der er det særs liten sjanse for at det går skred, seier han.