VEKTGEBYR: Mellom anna blei det skreve ut vektgebyr på til saman 62.600 kroner i kontrollen i Sogndal sentrum måndag. 
VEKTGEBYR: Mellom anna blei det skreve ut vektgebyr på til saman 62.600 kroner i kontrollen i Sogndal sentrum måndag. 

Skreiv ut vektgebyr for over 60.000 kroner​

Statens vegvesen hadde kontroll i Sogndal sentrum.

Sogndal: Der blei totalt seks lastebilar og sju personbilar kontrollerte i måndagens kontroll. 

Mellom anna blei det skreve ut vektgebyr på til saman 62.600 kroner. Desse køyretøya fekk køyreforbod og måtte lastast om.

Elles fekk ein førar av ein lastebil 8000 kroner i gebyr for manglande bombrikke.

For dei sju kontrollerte personbilane fekk samtlege pålegg om å utbetre lysa sine fordi dei mangla eitt av hovudlusa. Vegvesenet understrekar at det er viktig å passe på at alle lys på bilen fungerer som dei skal.

Til toppen