Gulen: Skrikebergtunnelen på E39 mellom Oppedal og Asheim var stengt grunna røykutvikling frå ein bil. Brannvesenet rykte ut til staden.
– Det var ikkje noko særleg røykutvikling då brannvesenet kom fram. Det var ein stor oljelekkasje som muligens var årsaka, men det er ikkje særleg mykje røyk der no, seier Marianne Hove i Vegtrafikksentralen kl. 13.39.
Ei stund var det manuell dirigering i tunnelen. No er den stengt fram til entreprenør er ferdig med å rydde opp oljesølet.
Det er ingen personskade etter hendinga.