HODLEKVE: Sogndal skisenter skriv historie når dei no held opent på sjølvaste 17. mai.
HODLEKVE: Sogndal skisenter skriv historie når dei no held opent på sjølvaste 17. mai. (Foto: Sogndal skisenter)

Skriv historie i Sogndal, medan dei to andre skianlegga er stengt

Det blir rekordlang skisesong i Hodlekve, medan Sogn skisenter og Tyin/Filefjell er stengt.

Sogn: I ei pressemelding går det fram at det er gode tilhøve i bakkar og fortsatt metervis med snø i fjellet, då er det ikkje noko anna å gjera hevdar driftsleiar, Kim Andre Navarsete. Skianlegget i Hodlekve skriv dermed sesonghistorie med å ha opent også dei to kommande helgane. 

– Det er altfor god snø til å ikkje kunne bruke meir av den. Så for dei skihungrige så er det berre å setje av dei to neste helgane og sjølvaste 17 mai. Verdsmeisterføre er slusjføre, det er berre å smørja seg inn med solkrem og spenne på seg skia, seier Navarsete.

Sogn skisenter og Tyin/Filefjell er stengt

For to veker sidan kunne Tyin/Filefjell melde at dei har stengt for sesongen og satsar på tidleg opning til neste år. 

– Me har vore pådrivarar for å opna att, under forutsetning av at me skulle følga dei smitteverntiltaka som er utarbeida. Men kriseleiinga kom fram til at det ikkje var tilrådeleg, så då har me ikkje noko alternativ, sa Morten Odden i Tyin/Filefjell Utvikling, til Porten.no.

Ved Sogn skisenter stengte dei for sesongen forrige helg.

– Me manglar stolheisen for å holda ope på 17 mai, så me er avskorne nederst i bakken. Det er masse snø i høgda, men barmark nederst. Så noko 17. mai skal me feire, men ikkje på sk, seier Runar Tørvi, dagleg leiar i Sogn skisenter.

Vanskeleg å lata vera

Vidare i pressemeldinga ynskjer Per Odd Grevsnes, dagleg leiar ved Sogndal skisenter, folk velkomne til "Hodlekve Sommarski". I følgje Grevsnes har Sogndal Skisenter allereie tapt mykje pengar denne sesongen grunna Koronasituasjonen. Ein ser heller ikkje den store økonomiske vinninga med å halde opent no i mai.

– Me går nok på eit tap på langt over tre millionar kroner under budsjett i år. Me vil nok  heller ikkje tena så mykje på og halda ope desse to helgane heller, men med dei snøtilhøva me no har så er det vanskeleg å lata vera, seier Grevsnes.

Grevsnes vedgår at dete kostar å ha ope i mai, men at dei likevel vel og hoppa i det. No håpar han at flest mogleg tek turen på ski.

– I tillegg har me besøk av fleire alpinklubbar som nyttar dei gode forholda til å legge startgrunnlaget for neste vintersesong.  Me føler også litt på ansvaret me har for å levera og legge til rette, seier Grevsnes.

Sesongkort er utgått

Grevsnes fortel at dei må snu seg rundt etter ein måte å tene inn litt av dei ekstra utgiftene.

– Me løyser det slik at alle som har hatt sesongkort denne sesongen kan få kjøpe dagskort til 150 kroner. Sidan alle sesongkorta er gått ut av systemet. For andre gjeld vanlege prisar, parkering er også slik, unnateke årskort. Med dette så håpar me å få inn litt av kva dette kostar oss, seier Grevsnes.

Skisenteret blir ope frå klokka 10.00 til klokka 16.00, laurdag og søndag dei to kommande helgane i Rindabotn, der også barnetrekket er opent. Medan langrennsløypene ikkje blir preparert meir denne sesongen.

Til toppen