– Me er inne i ei skjebnetid for lokale inntekter knytt til lokale naturressursar, skriv innleggsforfattar Aleksander Øren Heen.
– Me er inne i ei skjebnetid for lokale inntekter knytt til lokale naturressursar, skriv innleggsforfattar Aleksander Øren Heen. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

– Skrot kraftskattutvalet sine tilrådingar

Aleksander Heen, gruppeleiar for Vestland Senterparti meiner at statsråd Tina Bru må visa veg for den nye regjeringa og stå ved samfunnskontrakten.

Meiningar: Vasskraftproduksjon er, og har vore hardt skattlagd, men ikkje urettvist hardt skattlagd.

Skattesystemet er omfattande, men avgjerande for tenester og busetjing i store deler av landet. Grunnprinsippa for skattesystema vart fastlagde tidleg på 1900-talet av framsynte folkevalde i ei tid der utanlandske fossespekulantar drog land og strand rundt for å sikra seg fallrettar i den norske naturen.

Lovene som vart innførte tidleg på 1900-talet vart kalla panikklovene. Dei sikra offentleg eigarskap, men òg rettar for lokalsamfunna til dei verdiane som skulle skapast. Utbyggingane skjedde i distrikta, og krafta skulle førast fram til byane som hadde industri og høgt folketal.

Skrot kraftskattutvalet sine tilrådingar, og stå ved samfunnskontrakten.

Verdifulle prinsipp

Lovverket sikra at ti prosent av krafta skulle ligga att i kommunen der krafta vart produsert. Den sokalla konsesjonskrafta. Historia har synt at tilgang på rimeleg kraft i distrikta har sikra verdiskaping og busetjing over heile landet. Det er eit gode.

Ein sikra òg rett til å skriva ut eigedomsskatt på eit grunnlag som baserer seg på verdien av produksjonen, ikkje berre verdien av sjølve anlegget. Dette prinsippet er avgjerande for at inntektene til kommunane får halda tritt med den auka verdien rein og fornybar energi har og vil få. Desse to ordningane er dei som gjev mest klingande mynt i kassa for vertskommunane.

Nokre hevdar at desse ordningane er historisk grunngjevne, og difor utdaterte. Tvert om, vil eg seia. Evig rett til ein del av verdiskapinga som baserer seg på evig bruk av felles, lokale naturressursar er god politikk, óg for framtida. Det sikrar oppslutning om utbygging av fornybar energi og ei fordeling av inntektene til oss som sit att med byrden.

Tvilsam kompensasjon

I Vestland vert om lag 25 prosent av vasskrafta i landet produsert. Det er grunn til å tru me har 25 prosent av naturinngrepa, òg. Produksjonen i Vestland gjev ei verdiskaping på 10-15 milliardar. Med dagens system sit kommunane att med om lag éin milliard av dette i form av skattar, avgifter, kraftsal og utbyte.

Dette utgjer om lag tre prosent av den samla verdiskapinga frå kraftproduksjon i landet. Dét meiner kraftskattutvalet tydelegvis er for mykje sidan dei no vil fjerna desse ordningane, og kompensera inntektstapet gjennom statlege overføringar til kommunane.

Når me veit at 90 prosent av produksjonen føregår i kommunar, som samla har 16 prosent av innbyggjarane i landet, skal det ikkje mykje fantasi til for å skjønna kvar desse pengane vil ta vegen.

Det har vorte rekna på korleis ein slik kompensasjon vil slå ut, og Oslo er ikkje overraskande den store vinnaren. Ein kommune utan produksjon innanfor eigne grenser.

Klar oppmoding

I Noreg har miljøavgifter vore tufta på prinsippet om at forureinar skal betale. Dette prinsippet må óg gjelda for tapet av natur som dei store vasskraftutbyggingane har medført, og slik sett er høg skattlegging for utnytting av vasskraftressursane riktig politikk, óg av omsyn til miljø og natur.

Statsråd Tina Bru har no sjansen til å visa veg for den nye regjeringa. Skrot kraftskattutvalet sine tilrådingar, og stå ved samfunnskontrakten.

Eg er overtydd om at fordeling av goda vasskrafta gjev, på sikt er det som sikrar oppslutning om vasskrafta i heile landet, og ikkje minst sikrar oppslutning om vidare utbygging av fornybar energi.

Til toppen