ROT: Ein samanrast låve, gamle bilar og anna skrot folk har dumpa skjemmar utsikta til bebuarane på sjukeheimen i Seimsdalen.
ROT: Ein samanrast låve, gamle bilar og anna skrot folk har dumpa skjemmar utsikta til bebuarane på sjukeheimen i Seimsdalen. (Foto: Privat)

Skrot set nok ein gong sinna i kok i Seimsdalen – grunneigar legg seg flat

Bilete av rotete utsikt frå sjukeheimen i Seimsdalen har fått folk til å engasjera seg på Facebook. Grunneigaren orsakar at han ikkje har greidd å gjera noko med saka.

Årdal: – Det tok heilt av. Kanskje det blir gjort noko no, seier Lis-Heidi Sværen.

Onsdag la ho ut eit innlegg og bilete på Facebook som viste rotet på å tomta nedanfor sjukeheimen i Seimsdalen: ein samanrast låve, gamle bilvrak og anna skrot skjemmer utsikta til bebuarane.

– Me har hatt nokre fine dagar, der me stort sett har vore ute i sola. Då er det ikkje noko særleg å sitta og sjå ned på dette skrotet. Me får daglege spørsmål frå både pasientar og pårørande om kven som eig det og kvifor ingenting blir gjort. Kva skal me svara?, spør Sværen retorisk.

LITE PENT: Skrotet har bygd seg opp over fleire år. Gardsbruket har ikkje vore i drift sidan 70-talet. Foto: Privat

Ho er både tilsett på sjukeheimen og er næraste nabo til tomta.

Ber kommunen rydda opp

I tillegg til det estetiske, meiner Sværen laus takstein utgjer ein fare for dei som bur i nærleiken når det blæs.

– Viss det skjer ei ulukka, og nokon blir trefte, kven har då ansvaret, spør ho.

Sværen seier ho har kontakta kommunen to gonger dei siste fire åra for å be dei syta for at det blir rydda opp. 

– Det har enno ikkje skjedd noko. No er det på tide, seier Sværen.

Grunneigar Erik Skogli seier til Porten.no han har prøvd å få ordna opp, utan å lukkast. Han er lei seg for at området ser ut slik det gjer.

– Det er sjølvsagt slik at ein ikkje likar oppstyr, men det er jo ikkje noko vakkert syn, vedgår han.

Grunneigaren: – Mitt ansvar

 

Sjølv bur han i Offerdalen. Gardsbruket i Seimsdalen ikkje har vore i drift sidan 70-talet. Skrotet tilhøyrer fleire enn han, noko som har komplisert saka.

– Når du har med folk å gjera er det ikkje berre å knipsa i fingrane. Kanskje har eg vore litt for ettergivande og tolmodig, seier Skogli.

Samstundes vil han ikkje at folk skal tru at han berre skuldar på andre.

– Til sjuande og sist er det mitt ansvar, det ser eg. Eg lyt berre aksellerera jobbinga med saka, og prøva å få til ordningar som går an å leva med. Eg ser jo det at det ikkje er haldbart slik det er no, seier Skogli.

Porten.no har vore i kontakt med fleire i Årdal kommune, mellom anna kommunalsjef Svein Grindhaug. Han lover tilsette i kommunen skal ta ein runde for å sjå på området i morgon tidleg. Før det har han ikkje noko å melda.

Til toppen