LEGG VEKK: Regjeringa ønskjer ikkje nytta nasjonal ramme for vindkraft på grunn av den store motstanden forslaget har møtt.
LEGG VEKK: Regjeringa ønskjer ikkje nytta nasjonal ramme for vindkraft på grunn av den store motstanden forslaget har møtt. (Illustrasjonsfoto: Foto: Flickr/ Danny Howard)

Skrotar nasjonal ramme for vindkraft

Regjeringa legg vekk forslaget frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til nasjonal ramme for vindkraft på grunn av kritikken forslaget har møtt.

Oslo: Den nasjonale ramma for vindkraft var meint som eit konflitkdempande tiltak, men har møtt kraftig motstand. Regjeringa vel difor å leggje vekk ramma og ikkje ha noko nasjonal ramme for vindkraft framover, melder NRK

Det vart levert over 5000 høyringssvar i saka og 49 av 56 kommunar som låg inne i ramma sa klart nei til den, medan tre var skeptiske. 

Regjeringa vel difor å sjå vekk frå dei 13 områda i landet som NVE meinte var best eigna til vindkraftutbygging på land. 

– Det var aldri ein plan om å byggje ut vindkraft, det var ein plan om kvar det var best å ha vindkraft viss det som søknadar om det. Det legg me også vekk, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK. 

Samstundes varslar statsministaren innstrammingar i konsesjonssystemet. 

Alle konsesjonssøknadar som har vore til behandling hos NVE har vore på vent under handsaminga av nasjonal ramme. No ønskjer regjeringa at dei ligg på vent til det har komme ei avklaring på endringar i konsesjonssystemet, ifølgje olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp). 

Til toppen