TIL SPILLE: Reinane på biletet til venstre vart skotne og skulle etter det opphavelege vedtaket kunne nyttast som mat - Porten.no meiner heilomvendinga Mattilsynet gjorde i saka har nokre moment som bør setjast søkjelys på. Private foto
meiningar
TIL SPILLE: Reinane på biletet til venstre vart skotne og skulle etter det opphavelege vedtaket kunne nyttast som mat - Porten.no meiner heilomvendinga Mattilsynet gjorde i saka har nokre moment som bør setjast søkjelys på. Private foto
meiningar

Skrotar skotne reinar: Merkeleg heilomvending 

For folk flest blir det vanskeleg å forstå grunngjevinga frå Mattilsynet på at reinane som blir skotne på Hemsedalsfjellet ikkje kan nyttast til mat.

LEIAR: Som Porten.no har omtalt fatta Miljødirektoratet før påske eit vedtak om at Statens Naturoppsyn skulle skyta bukkar som nærma seg rv. 52 i perioden 17. april til 15. juni, for å unngå at desse kryssa over frå skrantesjukeråka Nordfjella sone 1 til tamreinsområdet på andre sida av riksvegen.

Les også: Skal ta ut bukk rundt rv. 52

Det står klart i vedtaket at dei skotne bukkane - så langt det let seg gjera - skulle nyttast til mat, noko som gjorde vedtaket hakket meir spiseleg lokalt; i dobbel forstand.

Men no har Mattilsynet funne ut at bukkane likevel skal dumpast. Grunngjevinga er at ein ikkje har noko apparat på plass for å handtera slakteavfall ute i felten - dersom det skulle visa seg at nokre av dei skotne bukkane er råka av skrantesjuke.

Les også: Nyttar likevel ikkje reinane som blir skotne til mat

Me skjønar at smittevernomsynet trumfar det meste i denne saka, og me skjønar at det ikkje er snakk om dei heilt store mengdene som går til spille ettersom det berre er snakk om sporadiske fellingar.

Burde gå an å få til

Samstundes; må verkeleg eit heilt apparat på plass for å handtera slakteavfall frå nokre få reinsbukkar smittesikkert? 

Poenget er altså at når ein skyt ein rein må vomma rimeleg kjapt ut for at kjøtet skal bli bra. Ettersom desse fellingane nødvendigvis går føre seg nær riksveg 52 treng likevel ikkje vomma kjappare ut enn at ein burde kunne ta med seg bukken eller bukkane på ein skuter til conteinarane og slakta dei der. Då ville ein vera trygg på at eventuelt infisert slakteavfall ikkje kom ut i terrenget.

Det burde også vera fullt mogleg å vomma ut ein rein ute i felt utan at innvollar kjem i kontakt med grunnen. Ein høveleg stor presenning ein har med og som ein legg reinen på medan ein slaktar og lempar ut vomma burde fiksa biffen. Ja, alle som har slakta eit storvilt veit at det kan bli noko blodsøl som kan renna over presenningen dersom ein er litt uforsiktig. Men frå ein har sett eit dødeleg skot i ein rein til den ligg død, har den vanlegvis gitt frå seg ikkje ubetydelege mengder blod til terrenget uansett.

På prinsipielt grunnlag

Så er det noko med denne inkonsekvensen. At ein etat går tilbake på eit punkt i eit vedtak frå ein annan etat ikkje lenge etter at det opphavelege vedtaket kom. Snakkar ikkje Miljødirektoratet og Mattilsynet ihop? Andrè Høva, veterinær hjå Mattilsynet, nemner også at å eta villrein skote på våren ikkje er noko særleg. Det er nok sant, men det visste ein vel også når vedtaket kom i første omgang.

Forresten; i fjor vart det skote over 300 villrein i Nordfjella under jakta. Det var ingen føringar på kva ein skulle gjera med slakteavfall då. To av desse hadde skrantesjuke, kordvidt slakteavfallet frå desse vart henta ut etter at positiv prøve låg føre veit me ikkje, men det låg garantert i terrenget til positiv prøve låg føre.

Med det meiner me på ingen måte at ein skal gjera det same igjen - haldninga no er at ein må fokusera på det ein kan gjera, ikkje det ein ikkje får gjort noko med. Og den er me absolutt med på. Det er også forståeleg at ein ikkje hadde tida til å laga system for dette ettersom skrantesjuka vart oppdaga berre nokre månader før jakta. Likevel er det eit tankekors.

Ein kan gjerne seia at dette ikkje er nokon "big deal". At absolutt alle moglegheiter for smittespreiing som tenkjast kan må minimerast, og at nokre hundre (?) kilo reinskjøt av laber kvalitet er eit lite offer då.

Men som nemnd burde det vera fullt mogleg å laga eit provisorisk apparat som klarde å handtera slakteavfall smittesikkert i denne samanhengen - det er jo snakk om nokre få fellingar, som Høva i Mattilsynet sjølv uttalar.

Og den første grunnen til at me vel å setja søkjelyset på dette er på eit prinsipielt grunnlag; respekt for felt vilt og at noko som kan nyttast til mat bør nyttast til mat.

Den største utfordringa

Den andre grunnen er det me nemner med inkonsekvens og at slike heilomvendingar blir vanskeleg for folk flest å forstå. Ein får - igjen - dette inntrykket av at Mattilsynet  jobbar etter ein rigid logikk som er nærast umogleg å koma inn i for folk med sunt bondevit. 

Eit "underpoeng" her er at folk gjerne stiller seg spørsmålet: "Korleis skal ein klara å handtera eit firesifra antal rein på korrekt vis som skal avlivast på kort tidsfrist (1. mai) under sjølve saneringa? Viss ein ikkje klarar å laga eit enkelt system for å handtera nokre få reinar no?" Jada, me veit det blir jobba på spreng med dette spørsmålet, parallelt med ei rekkje andre spørsmål.

Men sett i samanheng med at det kjem eit vedtak som trumfar eit ganske ferskt vedtak, gjer slikt at tvilen spreiar seg om kor stor kontroll ein har på dette arbeidet. For det å skapa ei noko lunde sams forståing, og å få flest mogleg krefter til å trekkja i same retning, er etter vårt syn den største utfordringa både Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Norsk Institutt for Naturforsking har i tida framover.

Les også: Klok kommunikasjon frå ministeren

Til toppen