PÅ TINGET: Trass i at KrF nesten vart halvert i Sogn og Fjordane og var fylket der partiet gjekk mest tilbake, ser dei ut til å kapra utjamningsmandatet med sin stortingskandidat Tore Storehaug (i lyseblå skjorte) F.v.: Fylkesleiar Trude Brosvik, 1. nestleiar i KrF, Olaug Bollestad, politisk rådgjevar Kristoffer Rolland, 1. kandidat til Stortinget frå fylket, Tore Storehaug, og 2. nestleiar i fylkespartiet, Beate Bondevik Lie. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Stortingsvalet 2017

Skuffa og spent: - Me kollapsa meir eller mindre på grunn av todelinga

25 år gamle Tore Storehaug (KrF) frå Askvoll ligg an til å få utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane. Han vil jobba for ein meir rettferdig familiepolitikk, menneskeverd og landbruk.

- Det var ikkje det resultatet eg håpa på, konstaterer KrF sin stortingskandidat frå Sogn og Fjordane overfor Porten.no.

Ein kan forstå Tore Storehaug; tysdag morgon er det Kristeleg Folkeparti som ser ut til å ha vorte den største taparen blant partia på den borgarlege sida. Den store spenninga var lenge knytt til om Venstre skulle koma seg over sperregrensa på fire prosent; på meiningsmålingane ei stund før valet hadde KrF god margin.

Men dei seig nærare og nærare sperregrensa di nærare valet ein kom medan Venstre løfta seg noko att. Og når 95,1 prosent av stemmene er opptalt tysdag morgon ser faktisk Venstre, med sine 4,3 prosent, ut til å ha passert KrF - som står på 4,2 prosent.

- Me kollapsa meir eller mindre på grunn av todelinga i norsk politikk. Eg er skuffa over resultatet både i landet generelt og fylket spesielt, seier Storehaug.

KrF nesten halvert i Sogn og Fjordane

Han har for så vidt grunn til det; Sogn og Fjordane er fylket der KrF går mest tilbake. Dei enda ganske på landssnittet, 4,3 prosent. Men, det er ein nedgang på 3,8 prosent frå sist val. Nesten ei halvering av KrF-veljarmassen i Sogn og Fjordane, med andre ord.

Likevel, og kanskje paradoksalt nok, ligg likevel KrF an til å "stela" utjamningsmandatet frå "støttepartikollega" Venstre når vel 95 prosent av røystene i fylket er talde opp. 

Me skal ikkje prøva å forklara kvifor - utjamningsmandat er kompliserte greier. Men kort fortalt har alle fylker eitt utjamningsmandat og desse får i all hovudsak dei minste partia fordi desse ikkje har nok røyster i dei einskilde fylka til å få inn direkte representantar. Dette blir kompensert med utjamningsmandata, og dei blir fordelte etter ein formel som går på kor godt partia har gjort det i dei ulike fylka sett opp mot kvarandre.

Les også: – Det har vore færre valløfter for Sogn og Fjordane enn før

- Det skil berre nokre få hundre stemmer, så eg veit ikkje om eg kjem inn enno, seier Storehaug klokka 8 tysdag morgon.

Om han kjem inn, forsvinn Sveinung Rotevatn (V) ut.

Kontantstøtta og eigongsstøtta - viktige saker

- Sjølv om du er skuffa ligg du trass alt an til å koma inn på Stortinget. Kva er viktige saker å jobba for for ditt vedkomande?

- Me har eit langt partiprogram og eg har ein stor jobb å gjera. Familiepolitikk for fleire enn i dag er svært viktig. Delvis handlar det om å ta vare på kontantstøtta; ei anna viktig sak er å få auka eigongsstøtta for folk som blir foreldre før dei har krav på foreldrepengar. Denne ligg i dag på 46 000 kroner, og det er temmeleg langt unna ei årsløn. Vidare er det viktigaste for KrF at menneskeverdet skal vera byggjesteinen.

- Det blir av mange framheva som viktig for Sogn og Fjordane å ha representantar som talar fylket si sak. Om du skal velja deg ei sak som er viktig for fylket, kva blir det?

- Landbrukspolitikk - me bur i eit fylke med mindre snittbruk enn resten av landet. Og det jobbar me for at skal gå an. Dette blir spesielt viktig når ein ser på kva parti som skal regjera.

Storehaug siktar relativt tydeleg mot Frp, som no etter alt å døma kjem i regjering med Høgre. Og om det har Krf sagt dei ikkje vil velta ei Høgre-Frp-regjering, men at dei ikkje vil vera noko støtteparti for ei slik regjering heller.

- De søkk klart på meiningsmålingane etter at partileiar Knut Arild Hareide gjekk ut og "freda" denne regjeringa. Var det difor valresultatet blei som det blei?

 - Eg trur det er litt for tidleg å spekulera i det når eg er trøytt og gretten i dag.  Men at å vera samarbeidsparti ville vera krevjande visste me om.

- Reiser ikkje til Oslo med skrekk for arbeidet

- KrF er også eit parti som slit med å rekruttera nye veljarar. Var dette starten på ein større nedtur, eller kan de koma opp att i "gamle høgder" opp m ot seks prosent?

- I valkamnpen har eg opplevd at veldig mange er einige med oss i det eine og hitt. Om det gjeld menneskeverd eller familiepolitikk. Får me fram desse kjernesakene våre vil me spela ei viktig rolle i norsk politikk framover.

- Sjølv er du jo eit relativt uskildra blad i politikken for folk i alle fall herifrå Sogn. Du er 25 år og kjem truleg inn på Tinget for eit parti med eit svært krevjande utgangspunkt. Går du til verket med skrekkblanda fryd?

- Nei, eg har jobba tett mot stortingsgruppa me har no, og reiser ikkje til Oslo med skrekk for dette arbeidet. Eg har ei stor oppgåve eg har fått hjå våre veljarar, og den skal eg ta.

Til toppen