SKUFFA: Knut Arne Klingenberg (H) meiner det er for dårleg at det ikkje blir lagt til rette for at alle ordførarkandidatane kan stilla på den lokalpolitiske debatten torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKUFFA: Knut Arne Klingenberg (H) meiner det er for dårleg at det ikkje blir lagt til rette for at alle ordførarkandidatane kan stilla på den lokalpolitiske debatten torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Skuffa over at debatten ikkje vart flytta

Knut Arne Klingenberg (H) er skuffa over at det ikkje er lagt betre til rette slik at han også kan delta på lokaldebatten torsdag.

Årdal: Som Porten.no skreiv før helga inviterer Årdal Næringssamskipnad og Kjelde AS til lokalpolitisk debatt på Årdalstangen, der samtlege seks parti har sagt ja til å stilla med ein eller fleire kandidatar.

Men for Knut Arne Klingenberg, ordførarkandidat i Høgre, blir dette vanskeleg i og med at han for tida gjennomgår strålebehandling etter å ha blitt behandla for kreft.

– Kreften er fjerna. Dei garanterer meg at eg kjem ut av dette i andre enden heilt frisk. Eg kan ikkje unnlate å køyre gjennom prosedyren dei har på slike ting, seier han.

Under behandling

Prosedyren inneberer behandling på Haukeland alle kvardagar, noko som betyr at Høgre-politikaren berre er i bygda fredag til søndag. Difor skulle han ønskja at debatten vart lagt på ein av desse dagane også.

Les også: Utfordrar lokalpolitikarane i debatt

– Det starta med at Årdal Næringssamskipnad i regi av (Harald journ. anm.) Husabø gjekk ut til partia og partileiarane våre og skulle ha folk til å vera med. Det var angitt nokre få datoar. Etter ei tid kom det tilbake at dei hadde booka torsdag 27. august fordi det var det som passa for ordføraren.

– For meg tenker eg at dette møtet er for framtida. Dette møtet må vera for dei påtroppande ordførarkandidatane, og då skal jo ordføraren vera med som kandidat, ikkje som sittande ordførar, meiner Klingenberg.

Vil ikkje ha det i helga

Harald Husabø i Årdal Næringssamskipnad seier dette er ikkje er årsaka til datoen som er valt og forklarar. 

– Me var opne for å flytte debatten til ein annan dag enn den 27. august, men ikkje til ein dag knytt opp mot helg. Dette med erfaringar frå andre arrangement, samt at dette vil vera utfordrande for involverte partar elles.

– Me fekk tilbakemelding om at det var berre helg som var aktuelt for Knut Arne og at det dermed ikkje var interessant med andre datoar i veka, seier han.

Husabø understrekar også at dei ikkje har lagt føringar på kven som skal stilla frå partia. Med andre ord; dersom ordføraren ikkje kunne stille, måtte Arbeidarpartiet ha sendt nokon andre. 

– Me skulle sjølvsagt ønskja at Knut Arne kunne stille på debatten som ordførarkandidat for Høgre, seier Husabø vidare.

– Dårleg unnskyldning

Klingenberg på si side meiner det uansett er for dårleg at det ikkje blir lagt til rette for at alle kan bidra med sine listetoppar.

– Og når dei brukar det som unnskyldning at det er så mange som reiser vekk frå Årdal, synest eg det blir feil. Dei som er gira og har lyst å vera med og bidra, kjem på møtet anten det er torsdag eller fredag. 

– Eg trur det hadde vore veldig bra at kandidatane fekk presentert seg. Der kjem det sikkert innspel frå salen. Eg får ikkje gjort noko med det, og når dei ikkje vil gjera noko med det, må me sjå kven Høgre kan koma opp med.

Til toppen