REKNAR IKKJE NØYTRALT: Leiaren for Hardangerviddatunnelene AS meiner utrekningane frå Vegdirektoratet gir eit feil bilete av kor lønsame dei nye hovudvegane mellom aust og vest er.​ Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
REKNAR IKKJE NØYTRALT: Leiaren for Hardangerviddatunnelene AS meiner utrekningane frå Vegdirektoratet gir eit feil bilete av kor lønsame dei nye hovudvegane mellom aust og vest er.​ Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Skuldar direktoratet for ikkje å rekne nøytralt

Leiaren for Hardangerviddatunnelene AS meiner utrekningane frå Vegdirektoratet gir eit feil bilete av kor lønsame dei nye hovudvegane mellom aust og vest er.

  • Endret

Lærdal: I desember sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ja til E134 over Haukelifjell som den eine av to hovudvegar som regjeringa skal satse på mellom aust og vest. Det er framleis ope om det er riksveg 7 over Hardangervidda eller riksveg 52 over Hemsedalsfjellet som blir den andre hovudvegen.

Leiaren for Hardangerviddatunnelene AS, Harald Victor Hove, meiner alternativet om Hemsedal får ein urimeleg fordel frå Vegdirektoratet, skriv  NRK. Hove viser til at direktoratet har føresett både ferjefri E39 og ein heilt ny E16 mellom Bergen og Voss i utrekningane av kor samfunnsøkonomisk lønsame riksveg 52 og 7 over fjellet er.

– Riksveg 52 får eit større tal for samfunnsnytte basert på eit tynt grunnlag. Du kan ikkje rekne ut samfunnsnytte utover prosjekt som er vedtekne og finansierte, seier Hove til kanalen.

Han peikar på at dei nemnde prosjekta ikkje er vedtekne av Stortinget eller finansierte, og at utrekningane til fordel for Hemsedal ikkje har komme etter ei nøytral vurdering.

Direktør Lars Aksnes i Vegdirektoratet avviser kritikken. Han meiner dei må ta omsyn til planane som ligg føre for dei neste tretti åra.

– For å seie det slik: Me synest det ville vere direkte feil viss me ikkje skulle lagt til grunn dei intensjonane som Storting og regjering har. Derfor meiner me det er heilt rett å gjere det på denne måten, seier Aksnes til NRK. (©NPK)

Til toppen