SISTE SLAGET OM FJORDSTIEN: Fleirtalet fekk gjennom at Fjordstien skal ferdigstillast i 2018, men ikkje utan kamp frå opposisjonen. Her utsikta frå Hofslund hotell, der Fjordstien stoppar i dag. Foto: arkiv.
SISTE SLAGET OM FJORDSTIEN: Fleirtalet fekk gjennom at Fjordstien skal ferdigstillast i 2018, men ikkje utan kamp frå opposisjonen. Her utsikta frå Hofslund hotell, der Fjordstien stoppar i dag. Foto: arkiv.

Skuldar opposisjonen for forsøk på å torpedere fjordstien

Fjordstien skapar steile frontar i sogndalspolitikken. Fleirtalet klarte likevel å sikre ferdigstilling i 2018.

Sogndal: Kjetil Kvåle (Ap) er irritert på opposisjonen i Sogndal og det han meiner er deira gjentekne forsøk på å få omkamp om Fjordstien, no sist på kommunestyremøtet før helga.

OPPGITT: Kjetil Kvåle (Ap) meiner opposisjonen gjentekne gonger har forsøkt å torpedere Fjordstien etter at den vart vedteken av fleirtalet i kommunestyret. No ser det ut til at det siste toget har gått.
OPPGITT: Kjetil Kvåle (Ap) meiner opposisjonen gjentekne gonger har forsøkt å torpedere Fjordstien etter at den vart vedteken av fleirtalet i kommunestyret. No ser det ut til at det siste toget har gått.

– Det er alvorleg korleis dei harselerer med eit lovleg fatta vedtak, seier han.

Les også: Bli med langs den nye fjordstien

På det nemnde møtet prøvde Høgre, Frp, Venstre og Krf å få Fjordstien opp som eiga sak. Oppsummert føreslo dei å utsette vidareføringa av stien til etterslepet på vegvedlikehaldet er tatt unna. I tillegg ville dei at kommunen skulle greie ut eit nytt og, ifølgje dei sjølve, billegare alternativ til trasèen som allereie er vedteken.

– Opposisjonen driv eit bevisst spel for å torpedere fjordstien. Viss dei hadde fått gjennomslag ville vidareføringa av Fjordstien blitt utsett på ubestemt tid, seier Kvåle.

Ja takk, begge deler

Gruppeleiar i Høgre, Karin Vikane, meiner kritikken frå Ap er urimeleg. Ho minner om at ein vesentleg del av fjordstien allereie er ferdigbygd.

– GJER BERRE JOBBEN: Karin Vikane (H) meiner opposisjonen berre gjer jobben sin når dei stiller spørsmål ved økonomien til fjordstiprosjektet. Å prioritere vegar framfor ferdigstilling av Fjordstien ser ho ikkje noko gale med.
– GJER BERRE JOBBEN: Karin Vikane (H) meiner opposisjonen berre gjer jobben sin når dei stiller spørsmål ved økonomien til fjordstiprosjektet. Å prioritere vegar framfor ferdigstilling av Fjordstien ser ho ikkje noko gale med.

– Eg ser ikkje noko gale i at ein liten bit blir sett på vent til vi får gjort primæroppgåvene våre, seier ho.

– Vi har mange vegar som er heilt nedslitte. For meg er det viktigare at folk har gode vegar til heimane sine og at ambulansar og brannbilar kjem fram, enn at vi byggjer ferdig fjordstien, seier ho.

Kjetil Kvåle, på si side, meiner kommunen må greie begge deler, både å utvikle kommunen og halde vegar og bygg ved like. 

– Viss ikkje, seier han, vil alt utviklingsarbeid stoppe opp. Har han eit poeng?

– Eg vil snu spørsmålet på hovudet: kvifor har ikkje fleirtalet vore villige til å gjere begge deler i alle desse åra?, seier ho.

Kranglar om summane

Fleirtalet, altså SV, Sp og Ap, er òg kritisk til reknestykket opposisjonen la fram for kommunestyret, der kostnaden for ein ferdig utbygd Fjordsti var estimert til 74 millionar kroner.

Ifølgje Kvåle er det 22 millionar meir enn budsjettet som rådmannen presenterte for kommunestyret.

– For meg er det komplett umogleg å skjønne korleis dei har kome fram til dei tala. Det var heller ingen av gruppeleiarane frå opposisjonspartia som kunne forklare det når dei blei utfordra. Tala må vere etterettelege, viss ikkje er det eit forsøk på å villeie både kommunestyret og innbyggjarane i Sogndal, seier Kvåle.

Karin Vikane vil ikkje kommentere reknestykket, der viser ho til partifelle Arne Glen Flåten, som var hjernen bak. Men ho skjønar ikkje at nokon kan problematisere at opposisjonen etterlyser klare svar. 

– Det å stille spørsmål om økonomien i prosjektet, det er ikkje å drive omkamp, det er å gjere jobben vår. Det er vi politikarar som har ansvaret, seier ho.

Fjordstien ferdig i 2018

Som eit døme på lause økonomiske trådar trekkjer ho fram usemja mellom kommunen og entreprenøren som bygde første del av fjordstien. Der står partane millioner av kroner frå kvarandre og saka kan ende i retten om dei ikkje løyser ho sjølve.

Det politikarane har fått vite er at det er «avstand mellom partane». 

– Me som politikarar veit ikkje kva summen er eller kven som skal dekke dei kronene. Det handlar om å ha oversikt så ein veit om økonomien er forsvarleg eller ikkje, seier ho. 

Forslaget frå opposisjonen vart til slutt nedstemt.

I staden for å utsette, vedtok fleirtalet å sette av 13,5 millionar kroner til ferdigstilling av Fjordstien innan 2018.

Ferdig utbygt vil dermed Fjordstien strekkje seg frå Hagelin til Loftesnesbrui, der Statens vegvesen tek seg av den siste stubben frå Rones til den nye brua som kjem.

– Dette har vore ei viktig sak for Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet. Det er veldig bra vi har fått det i boks, seier Kvåle.

 

Til toppen