TYDELEGE SVAR: Elevane på Årdal vidaregåande skule fekk gode svar på spørsmåla dei stilte panelet under skulevalet tidlegare i veka. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
TYDELEGE SVAR: Elevane på Årdal vidaregåande skule fekk gode svar på spørsmåla dei stilte panelet under skulevalet tidlegare i veka. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Skule må prioriterast før veg

I paneldebatten under skulevalet på Årdal vidaregåande skule tidlegare denne veka, kom det tydeleg fram at vegprosjekt må vike for å bevare dei vidaregåande skulane.

Vil partia jobbe for at Årdal vidaregåande skule består, og korleis skal de gjere det konkret? Dette var eit av spørsmåla elevane hadde utarbeida før paneldebatten på torsdag.

Alle partia i panelet fekk snakka sin sak, men Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Venstre var klårast i talen og gav såleis elevane full utteljing på spørsmålet. Saman med Miljøpartiet Dei Grøne, stod dei saman om å prioritere skular i distrikta framfor vegprosjekt.

Kutt andre plassar

– Om me legg ned Årdal vidaregåande skule, og det syner seg at me seinare får att ein del pengar, så er det dessverre ikkje slik at ein berre kan skru på lysa, børste støv av kateteret og setje inn nokre nye lærarar. Om det skjer ei nedlegging, så er skulen vekke, seier Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet.

Han legg til at om det er mogleg å utsetje nokre av vegprosjekta i fylket, så vil det vere ei meir gunstig løysing.

– Om ein då hadde fått pengane attende ved seinare høve, så er det berre å setje spaden i jorda og bygge den vegen.

Dette seier Senterpartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne seg samde i, og for Aleksander Øren Heen og Senterpartiet er bevaring av dei vidaregåande skulane i fylket deira hovudsak i valkampen. 

LES OGSÅ: Senterpartiet stakk av med sigeren i skulevalet

Svak Høgre

Representant for Høgre under skulevalet i Årdal var Vilde Tøfte Øvstetun, partiet sin ordførarkandidat i Leikanger. Det var lenge stille frå den blå sida, og Høgre gav svært få lovnader til elevane når ho skulle svare på spørsmålet om å bevare Årdal vidaregåande skule og skulane i resten av fylket.

– Me vil ikkje lova at me skal verna alle skulane i fylket, det kan me ikkje. Men me skal jobba alt me kan for å bevara dei. Eg trur ikkje Årdal vidaregåande skule har noko å bekymre seg over, sidan søkjartala her er veldig gode, seier Tøfte Øvstetun.

Artikkelen held fram under biletet.

ENGASJERT: Det var eit engasjert panel som diskuterte lokale saker under skulevalet på Årdal vidaregåande skule torsdag. Arkiv
ENGASJERT: Det var eit engasjert panel som diskuterte lokale saker under skulevalet på Årdal vidaregåande skule torsdag. Arkiv

Øren Heen vart tydeleg frustrert over dette svaret, og stilte ho til veggs rett etterpå. Han ville ha svar på kva ho meinte om Årdal vidaregåande skule, og om den var nedleggingstrua eller ikkje.

– Du peikar jo på at det er dei mindre skulane i fylket, med få elevar, som må gjerast noko med. Årdal er jo ein slik skule. Så du meinar at Årdal vidaregåande skule er ein av dei som skal leggjast ned, er det det du seier?

Høgre svara at sjølv om skulen er liten, så er det jamt over gode søkjartal i forhold til plassane skulen har.

– Men eg vil ikkje ha på samvitet mitt at eg lovar alle elevar at dei har rett på den skulen dei går på no, seier Tøfte Øvstetun.

Fridom eller tvang

Miljøpartiet Dei Grøne utfordra også Høgre i dette spørsmålet, og dei ville gjerne vite kva Høgre meinte om dei ulike linjene i den vidaregåande skulen.

– Alle veit at det er variasjonar frå år til år om kva linje som er mest populær hjå elevane. Betyr det at om alle søkjer på frisørlinja eitt år, så kjem de til å legge ned dei andre linjene på grunn av låge søkjartal?

Som svar på dette, meiner Tøfte Øvstetun at det er næringslivet som veit kva som trengs av linjer på vidaregåande skular.

Artikkelen held fram under biletet.

NYSGJERRIGE: Det var mykje aktivitet under valtorget i forkant av paneldebatten på Årdal vidaregåande skule torsdag.
NYSGJERRIGE: Det var mykje aktivitet under valtorget i forkant av paneldebatten på Årdal vidaregåande skule torsdag.

– Sjølv om nokre parti meiner at me ikkje skal høyre så mykje på kva næringslivet treng, så er det næringslivet som veit kva kompetanse som trengs i framtida. Det handlar om ein balansegang, seier ho.

På grunn av svaret Tøfte Øvstetun gav til Miljøpartiet Dei Grøne, vart Høgre endå ein gong stilt til veggs, denne gongen av Arbeidarpartiet.

– Eg er litt nysgjerrig på kven av dykk i Høgre me skal høyre på. For eit par dagar sidan var eg i ein debatt med Høgre (Lise-May Sæle, journ. mrk), og då sa ho at det var tull å la næringslivet styre prioriteringa av linjene, seier Vereide.

Høgre fekk ikkje anledning til å svare på dette innspelet, då ordstyrar såg det naudsynt å gå vidare med dei neste spørsmåla.

Kombinasjon

Senterpartiet med Heen Øren i spissen har tru på ein kombinasjon der både elevtal og arbeidslivet i nærmiljøet styrer kva linjer som skal vere på kva plass.

– Og så lagar ein eit utdanningstilbod som er tilpassa det arbeidslivet som ligg rundt skulen, og på den måten lukkast ein på å rekruttera lærlingar, noko Årdal er eit glimrande døme på. 

Til toppen