ULUKKE: Ein barneskuleelev fekk brotskader i foten då han vart påkøyrt av ein ryggande dampvegvals.
ULUKKE: Ein barneskuleelev fekk brotskader i foten då han vart påkøyrt av ein ryggande dampvegvals. (Foto: Arkiv)

Skulegut måtte på sjukehus etter at vegvals rygga på foten hans

Ulukka omlag 600 meter frå skulen då eleven var på veg heim på sykkel. Familien klandrar ikkje føraren for det som skjedde.

Luster: Ulukka skjedde tidleg i oktober i samband med asfaltlegging i Luster kommune.

Ein gut kom syklande og tok ifølgje politiet sjansen på å kryssa bak den ryggande dampvegvalsen. Sykkelen vart truffen og guten velta.

– Føraren tykte det var noko merkeleg med køyretøyet, så han stoppa og køyrte fram att. Då han snudde seg, såg han guten og sykkelen ligga der, seier regionlensmann Inger Lill Lanes.

Forklarer seg likt

Sjåføren ringte etter ambulanse, og tok hand om guten til ambulansen kom. Guten vart sendt til sentralsjukehuset i Førde, der han fekk behandling for brot og klemskadar.

– I utgangspunktet har det gått utruleg bra. Han fekk nokre skadar i foten, men ellers var han heil, seier regionlensmannen.

Det var ingen vitner til hendinga. Politiet har avhøyrt både sjåføren og guten, og forklaringane til dei to samsvarar. Sistnemnde forklarte seg på barnehuset i Førde før helga.

Politiet karakteriserer hendinga som ei trafikkulukke. Regionlensmannen vil ikkje kommentera eventuelle straffereaksjonar før politijuristane har vurdert saka. 

– No jobbar me med å ferdigstilla saka, så vil ho bli sendt over til påtale for avgjerd, seier Lanes.

Familien ber om omtanke for sjåføren

På Facebook skriv mor til guten at ho ikkje klandrar føraren av valsen. 

– Han har det nok veldig vondt no og me håpar at han har gode folk rundt seg som ivaretek han på best mulig måte, skriv mora, som har samtykka til at me siterer frå innlegget.

Rektoren på skulen vil ikkje kommentera ulukka, utover at dei sjølvsagt er glade for at det ikkje gjekk verre

Asfalteringa vart utført av ein entreprenør på oppdrag frå Luster kommune.

– Dette var eit uhell der føraren ikkje er å klandra. Me tek likevel saka særs alvorleg, og i etterkant av ulukka sende me ut eit skriv, blant anna til alle som driv med asfalt, for å prøva å læra av det som skjedde, seier pressekontakten i firmaet.

Han seier asfalteringa var varsla gjennom kommunen. Området var ikkje sperra av fordi andre som brukar vegen var avhengige av å få passera.

– Etter ei risikovurdering vart arbeidet flytta litt lenger unna skulen enn planlagt, nettopp fordi det ville skje på slutten av skuledagen, seier pressekontakten.

Til toppen