MARSJORDRE: Farnes Skulemusikk fekk gode tips av tidlegare gardist Sondre Blom til korleis ein skal marsjere. Foto: Privat.
MARSJORDRE: Farnes Skulemusikk fekk gode tips av tidlegare gardist Sondre Blom til korleis ein skal marsjere. Foto: Privat.

Skulemusikken fekk tips til marsjering

Farnes Skulemusikk fekk marsjeringshjelp frå tidlegare gardist i Hans Majestet Kongens Gardes Musikktropp. 

Øvre Årdal: Årdalshallen var fylt opp med spente skulemusikantar søndag då Sondre Blom var på plass for å drille dei unge i marsjering.

Blom tenestegjorde i garden for nokre få år tilbake. No er han student i Sogndal og dirigent i Sogndal Skulemusikk. 

– Dette var svært vellukka, eg trur me må gjenta dette neste år også, seier ein nøgd leiar i Farnes Skulemusikk, Karen Gikling.

Tok utfordringa

Det var i utgangspunktet hennar idé å arrangere eit slikt seminar, og at ein tok kontakt med Blom. Han tok imot utfordringa og smilte frå øyre til øyre når dagen var omme. 

– De er kjempeflinke! No bør årdølene bli nøgde på 17. mai. Hugs at på nasjonaldagen vår er korpsa heltar i eige land. På denne dagen får de endeleg syne dykk fram som idrettsheltar for heile lokalbefolkninga.

Artikkelen held fram under biletet.

HJELP: Sondre Blom kom med gode tips til korleis ein skal marsjere i korps.
HJELP: Sondre Blom kom med gode tips til korleis ein skal marsjere i korps.

– Å marsjere med instrument er ei tung øving i både kondisjon, koordinasjon og styrke. Alle i bygda bør bli glade og stolte når de kjem og marsjerer og speler på 17. mai, sa han til musikantane.

Viktig lærdom

Også Sigyn Øren, som er dirigent i Farnes Skulemusikk, var svært nøgd etter at seminaret var slutt. 

– Me har som regel hatt mest fokus på det musikalske og å få musikantane til å spele fint. Men det visuelle inntrykket på 17. mai er sjølvsagt også svært viktig, og i år skal me jo i tillegg til 17. mai marsjere under defileringa på turnstemnet komande helg og på ein festival me skal reise til seinare i sommar, så dette var svært nyttig for oss. 

Ho trur det er veldig nyttig for musikantane at dei får sjansen til å lære marsjering frå nokon som verkeleg kan det. 

Artikkelen held fram under biletet.

INSPIRERT: Ein av dei eldste skulemusikantane lot seg inspirere av Blom.
INSPIRERT: Ein av dei eldste skulemusikantane lot seg inspirere av Blom.

– No håpar eg berre lokalbefolkninga støttar opp om korpsa og syner at dei set pris på at me eksisterer. Medlemsmassen i Korps-Noreg er generelt sett nedadgåande, og me jobbar hardt også i vår kommune for å behalde den medlemsmassen me har, og for å få rekruttert inn nye. Eg håpar slike vitamininnsprøytingar som me har hatt denne helga, er med på å gjere korpset meir attraktivt.

Inspirert av Blom

Farnes Skulemusikk prioritert får få år sidan å investere i nye uniformar. Det meiner Blom er ei god investering då mange slurvar med uniformsbruken. Når dagen var omme, meinte han det var eit heilt anna korps som stod att og klare for nye utfordringar.

Då hadde han gått grundig gjennom start- og stopp-signalet, ideelle avstandar mellom rekker og roder, kor blikka skal vere festa og korleis armsvingen skal vere. Korpset fekk òg ein oppstramming i høve korleis dei skal holde instrumenta sine, og dei fekk til og med lære ein «amerikansk turn» på 180 grader.

Ein av dei eldste skulemusikantane, Simen Stentvedt, seier at han vurderer å søke seg inn i Gardemusikken når han skal avtene førstegongstenesten om få år.

– Eg tykkjer det ser spennande og kjekt ut, seier han.

Til toppen