LEVERTE TIL GULL: Farnes skulemusikk sikra førsteplass i sin klasse i 2. divisjon under Nordvesten i Florø i helga.
LEVERTE TIL GULL: Farnes skulemusikk sikra førsteplass i sin klasse i 2. divisjon under Nordvesten i Florø i helga. (Foto: Marianne Låksrud Sandvik)

Skulemusikken i Årdal spelte til den store gullmedaljen i regionmeisterskap

Skulekorps frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var i helga samla på Sandane for å måla krefter. Skulekorpset frå Øvre Årdal stakk av med sigeren i andredivisjon.

Sandane/Årdal: – For oss er det veldig stort. Det er ei vitamininnsprøyting utan like, seier dirigent Sigyn Øren om prestasjonen i helga.

Femten korps frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal konkurrerte i tre forskjellige divisjonar, dei fleste i den lågaste.

– At me hevdar oss der oppe er ei stadfesting på at me gjer noko rett, seier Øren.

STOLT: Dirigent Sigyn Øren er stolt over framgangen korpset har vist. Foto: Andreas Aannevik/arkiv.

– Dei er kjempeflinke

Farnes skulemusikk består av ungar og ungdomar frå 10 til 19 år frå Øvre Årdal, og er eit samarbeid mellom skulen og kulturskulen.

Av juryen fekk korpset skryt for repertoarval, at dei var eitt av berre tre korps i heile konkurransen som spelte reint, at stoffet var godt innøvd og framføringa behageleg å høyra på.

– Me har hatt veldig jamn utvikling i korpset. Dei som er der er kjempeflinke, så all æra til dei, seier Øren.

Korpset har vore med to gongar før. I 2016 vart dei nummer to i tredjedivisjon, i 2017 vart dei nummer èin i tredjedivisjon.

Skepsisen fordufta

I år var spørsmålet om det var på tide å prøva seg ein divisjon høgare.

– Eg var litt skeptisk, men ungdomane ville. Og så vant me, seier Øren.

– Eg trudde ikkje det skulle gå så bra. Altså, eg visste kor flott dei spilte, men eg visste ikkje nivået på dei andre korpsa. Det å hevda seg litt lenger oppe i divisjonane er ei kjempeoppmuntring og ei stadfesting på at me gjer noko riktig, seier Øren.

Så då er spørsmålet om det blir førstedivisjon neste år?

– I eit skulekorps kan det fort bli store utskiftingar, så eg veit ikkje eg om me torer. Men eg visste ikkje me torte å melda på i andredivisjon heller, seier Øren.

Til toppen