KORPSTUR: Musikantane i Farnes skulemusikk fekk seg ei oppleving for livet då dei deltok på ein korpsfestival i Italia. Foto: Privat.
KORPSTUR: Musikantane i Farnes skulemusikk fekk seg ei oppleving for livet då dei deltok på ein korpsfestival i Italia. Foto: Privat.

Skulemusikken på korpstur til Italia

– Dette tykte dei var stor stas, seier ansvarleg for turen, Jan Øren.

Årdal: Like etter skuleslutt pakka Farnes skulemusikk ned instrumenta sine og vende nasen mot Italia. Her har dei vore med på ein korpsfestival ved Gardasjøen.

– Dette er ein festival som pågår i 14 dagar. Me var blant dei første som kom ned dette året. Korps frå heile Noreg reiser for å vere med på denne festivalen, seier Øren, som hadde med seg 26 korpsmusikantar.

KONSERT: I løpet av opphaldet spelte korpset to konsertar, her i Verona.
KONSERT: I løpet av opphaldet spelte korpset to konsertar, her i Verona.

Gjennom eit norsk firma som arrangerer slike turar, byrja dei å planlegge turen allereie for eit år tilbake. Det er styrevedtak på at korpset skal på utanlandstur kvart tredje år. Etter at Kaupanger skule- og ungdomskorps anbefalte denne festivalen på det varmaste, vart det bestemt at turen skulle gå nettopp hit i år.

Spelte to konsertar

– Det tykte musikantane var stor stas. Alle har storkosa seg. Korpsmiljøet er ganske unikt, der ungane er trygge på kvarandre på tvers av alder. Me sørger for at alle har det kjekt og syner respekt for kvarandre. Det er viktig med slike gode opplevingar, seier han.

I løpet av dagane dei var på tur, spelte korpset to konsertar og hadde ein oppmarsj saman med eit korps frå Strindheim. 

– Då spelte me mellom anna marmorgatene i Verona og Verona arena, som er midt i det aller heilagaste. Då me reiste hit, fekk bussen vår politieskorte, og det tykte ungane var spesielt tøft.

Gåve til ordføraren

GÅVE: Korpset hadde også med ei gåve til ordføraren, Årdal sett ovanfrå.
GÅVE: Korpset hadde også med ei gåve til ordføraren, Årdal sett ovanfrå.

Når det ikkje gjekk i korpsmusikk, var det nok av aktivitetar å prøve ut på feriesenteret korpset budde på saman med fleire andre korps. 

– Det er viktig at dei får høyre på andre korps og sjå at andre driv med den same hobbyen som dei sjølve. Eg trur alle følte at dette var ein vellykka tur, seier Øren.

Gjengen frå Årdal hadde også med seg ei gåve til ordførarane i Verona og Garda. Dei fekk utdelt boka som syner Årdal sett ovanfrå. 

Til toppen