– Skulen har plikt til å gripe inn

– Skulen har plikt til å gripe inn

Mobbeombodet i Sogn og Fjordane Venke Nordeide er klar i sin tale: skulen skal ta ansvar i mobbesaker.

«Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.»
- Opplæringslova paragraf 9a.

Nordeide er ombod i den vidaregåande opplæringa, men seier til Porten.no at og grunnskulane i landet må rette seg etter paragraf 9a i opplæringslova.

Dersom nokon opplever mobbing vil det i følgje lova vere eit lovbrot, og Nordeide meiner difor at det er svært viktig å skape meir fokus rundt mobbing.

– Mobbing er noko alle kan oppleve. Det treng ikkje nødvendigvis vere mobbing i byrjinga, men vanskelege og ubehagelege situasjonar som utartar seg til å verte mobbing. Ingen skal oppleve krenking eller liknande på skulen, og det er difor viktig med gode klassemiljø.

Rektor sitt ansvar

Dersom nokon vert mobba, er det svært viktig å gi beskjed, seier Nordeide. Det spelar ingen rolle kven som gjev beskjed om mobbinga, men den som seier ifrå har rett til å verte høyrd.

– Dersom nokon opplever noko ubehageleg eller vanskeleg i skulekvardagen, er det ofte lettast for elevane å kontakte kontaktlæraren.

– Alle lærarar er pliktige til å gi denne beskjeden vidare til rektor, då det er rektor som sit med hovudansvaret i mobbesaker.

– Dersom det vert rapportert om mobbing, så skal skulen fatte enkeltvedtak og setje i gang tiltak. 

Når ein ikkje vert høyrd

Dersom ein opplever å ikkje verte høyrd, kan ein som elev i grunnskulen ta kontakt med fylkesmannen i fylket. Dette er fyste klageinstans, men for mange kan dette opplevast som langt, tungvindt og tidkrevjande. 

Nordeide tilrår foreldre med born som vert mobba i grunnskulen til å kontakte Foreldreutvalet for grunnopplæringa. FUG er ein nasjonal instans som har i oppgåve å hjelpe foreldre i vanskelege situasjonar, og når ut til flest mogleg med viktig informasjon. 

Ein kan og kontakte Barneombodet, som fungerer som born og unge sitt talerøyr. Barneombodet skal kjempe for barna sine rettar og lova om barneombod bestemmer kva dei skal arbeide med.

– Bli med og stopp mobbing

Nordeide har i haust reist rundt på alle dei vidaregåande skulane i fylket med kampanjen «Bli med og stopp mobbing». På dei ulike skulane har ho snakka med elevråda om korleis ein kan førebyggje og hindre mobbing. 

Nordeide meiner at det ikkje berre er elevar som skal engasjerast, men at og foreldre og føresette må verte meir medvitne på det viktige temaet. På rundturen sin har mobbeombodet kome med tips til korleis ein kan hindre mobbing.

– Eg vonar at alle elevråda vert meir medvitne på korleis ein kan førebyggje og stoppe mobbing, og det er difor eg har sett i gang denne kampanjen.

Til toppen