Foto: Jostein Vedvik. 
Foto: Jostein Vedvik. 

MEININGAR

Skulen vår treng ei ny regjering  

KRONIKK: Vi har nok alle eit oppriktig mål om å skape den beste skulen for elevane våre. For å klare det, må lærarane få meir tid til elevane, oppfølginga må komme tidlegare i skulen, og helsesøstera må få lov til å gjere jobben sin når elevar slit i kvardagen.

På fleire område, har regjeringa satsa altfor lite offensivt for å ta tak i desse utfordringane. No er det på tide at vi tar eit grep for fellesskulen vår.  

Tidleg innsats og fleire lærarar

Det er enklare å førebygge enn å reparere. Dette er også tilfelle med barn og ungdommar. Når elevar byrjar å henge etter i faga under sine første år på skulen, gir det liten målbar effekt å sette inn alle tiltaka nokre år i etterkant. For kvar månad som eleven ikkje klarar halde følgje, ser vi at motivasjon og sjølvkjensla blir svekka. Difor må vi sette av meir pengar på budsjettet, slik at vi kan få fleire ressursar og lærarar i dei første skuleåra.

No rapporterer sju av ti skuleleiarar i den vidaregåande skulen at dei har klassar med 28 elevar eller meir. Det seier seg sjølv at vi ikkje kan skape verdas beste skule når læraren i snitt har 1,6 minutt per elev, per time. Fleire lærarar med meir tid til kvar elev vil gi kvar einskild elev ei meir tilpassa undervising, og større sjansar for å lukkast. Difor vil Arbeidarpartiet innføre ei bemanningsnorm for tal lærarar i skulen. Det er ikkje til å legge skjul på at dette vil koste. Dette vil krevje at vi prioriterer pengane til skular framfor skattekutt til dei rikaste. Det er heldigvis ei prioritering som Arbeidarpartiet står inne for. 

Helsesøstera må få meir tid til elevane 

Einsemd og psykiske plager er nokre av dei viktigaste årsakene til at elevar mistar gnisten i den vidaregåande skulen. Om ein slit i kvardagen, er det viktig at ein får prata med nokon som faktisk kan hjelpe. Det er ikkje alltid like lett å prate med foreldra sine om alt, og det er ikkje alt som kjennest alvorleg nok til å oppsøke ein psykolog. Då er det flott at vi har eit låg-terskel-tilbod som helsesøstera i den vidaregåande skulen.

Diverre har vi eit stort problem når fleire av helsesøstrene ikkje får stille opp på skulen i meir enn nokre timar i veka.  Når ein ungdom treng hjelp med problem på heimebane, sit med spørsmål eller slit med seg sjølv, så seier det seg sjølv at stengte dører ikkje er svaret. Dette er dårleg for både elevar og lærerar, for nokre problem slår følgje som ein skugge inn i klasseromma om dei ikkje blir ordna opp i.

Handlekraft og ny regjering 

No vil Arbeidarpartiet øyremerke 200 millionar til skulehelsetenesta slik at helsesøstera får meir tid til elevane i skuleveka. Det er vi begge utruleg glade for.  Det viktigaste i livet bør også vere det viktigaste i politikken. Å løyse desse utfordringane i skulen, er i våre auge viktigare enn å gi skattekutt til dei rikaste. Difor må vi også prioritere deretter.  Skulen treng ei ny regjering. Dette handlar om å satse på framtida vår.

Sindre Hornnes, Nestleiar, AUF i Sogn og Fjordane 
Ingrid Heggø, Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Til toppen