TRØYTTE: Elevar med lang skuleskyss får ofte ikkje like mykje søvn som andre. Mange kjenner seg også uvel og får fysiske plager av skuleskyss. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK.
TRØYTTE: Elevar med lang skuleskyss får ofte ikkje like mykje søvn som andre. Mange kjenner seg også uvel og får fysiske plager av skuleskyss. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK.

– Skulenedlegging kan bli dyrt på sikt

Det samfunnet sparer ved å leggja ned skular og frakta barn og ungdom lange avstandar med skuleskyss, kan på sikt visa seg å bli ei dyr løysing, meiner forskar Karl Jan Solstad.

Lærdal: Solstad er ein av dei som har forska mest på skulenedlegging og skuleskyss her i landet. I debatten om skulenedlegging meiner han det har blitt teke altfor lite omsyn til kva skuleskyss har å seia for helsa og utviklinga til barn og unge – og kva følgjer dette kan få både for den enkelte og samfunnet.

– Skuleskyss kan få konsekvensar både for læring og utvikling, den fysiske helsa og trivselen til elevane, seier han til Nynorsk pressekontor.

Blir trøytte og sjuke

Skuleskyss fører mellom anna til at elevane får mindre søvn og mindre tid og overskot til å vera med på fritidsaktivitetar.

Nokre blir også direkte sjuke. Rundt 5 prosent av elevane blir bilsjuke og må kasta opp om skyssen blir over ei mil. Så mange som ein av fire får fysisk ubehag som vondt i hovudet, kvalme eller kjenner seg generelt uvel.

Skuleskyss kan også slå negativt ut for den fysiske utviklinga til elevane. Forsking viser at elevar med lang skuleskyss har nedsett kondisjon og større risiko for ryggplager, redusert balanse og stivare hofterørsler.

SMÅTT KAN ÒG VERA GODT:- Det er lett å sjå fordelane med ein stor skule, men dei mange pedagogiske og sosiale fordelane med mindre skular kjem ikkje fram i den offentlege debatten, meiner skuleforskar Karl Jan Solstad.
SMÅTT KAN ÒG VERA GODT:- Det er lett å sjå fordelane med ein stor skule, men dei mange pedagogiske og sosiale fordelane med mindre skular kjem ikkje fram i den offentlege debatten, meiner skuleforskar Karl Jan Solstad.

I ei norsk kartlegging kjem det elles fram at det er mest overvekt blant ungdom i fylke med lengst skuleveg.

– Det kan sjølvsagt vera andre grunnar til at det er slik, men vi kan i alle fall slå fast at det er helsemessig risiko ved lang skuleskyss, seier Solstad.

Dårleg økonomi på sikt

Han peikar på at både ryggproblem og overvekt er livsstilssjukdom som lett kan følgja elevane vidare i vaksen alder og som kan få store helsemessige og økonomiske konsekvensar både på lang og kort sikt.

– Dette blir ikkje teke med i rekneskapen når ein diskuterer skulenedlegging. Ved å leggja til rette for tvungen inaktivitet av ungar og ungdom sparer ein kanskje noko dei åra elevane går på skule, men det kan bli lite samanlikna med meirkostnadane samfunnet kan få på lengre sikt, meiner Jan Karl Solstad.

Fleire treng skyss

Dei siste tretti åra har det blitt lagt ned nesten 1.400 skular her i landet. Solstad ser ein tendens til at stadig større bygdeskular blir borte.

– På 1990-talet hadde tre av fire nedlagde skular berre 20 elevar eller mindre. I perioden 2010 til 2015 gjaldt dette knapt halvparten, seier han.

Han peikar samstundes på at berre om lag 5 prosent av dei nedlagde skulane i grisgrendte kommunar på 1990-talet hadde over 50 elevar, medan kvar fjerde skule som har blitt lagt ned etter 2010 har vore så stor.

Nedlegginga av større bygdeskular fører til at fleire elevar får behov for skuleskyss og at fleire får lengre reiseavstand.

– Smått kan òg vera godt

Solstad meiner at det etter kvart har festa seg ei oppfatning av at det er større sjanse for at ein skule er god dersom han er stor. Det meiner han er misvisande.

– Det er lett å sjå fordelane ved ein stor skule, men det vi veit og som ikkje kjem fram i den offentlege debatten, er dei mange pedagogiske og sosiale fordelane som også dei mindre skulane har, seier han.

Han presiserer likevel at det ikkje er eit poeng at skulen skal vera minst mogleg.

– Det er greitt at skulen er stor, men det er ikkje noko pedagogisk eller utviklingsmessig gode argument for at skulane skal vera så store som mogleg, strekar han under.

Inga øvre grense

Medan det finst klare, lovfesta reglar for når elevane har rett til skuleskyss, finst det ingen rettslege bindande reglar for kor lang eller tidkrevjande skuleskyssen kan vera.

Enkelte har teke til orde for at det bør innførast ei slik øvre grense. Karl Jan Solstad ser ikkje bort frå at det kan vera nyttig, men han fryktar samtidig at ei grense kan bli brukt til å pressa reiseavstanden lengst mogleg opp mot det tillatne nivået.

Solstad fortel at det likevel finst nokre gamle rådgjevande retningslinjer om kva som bør reknast som ei øvre grense for akseptabelt tidsbruk. I eit rundskriv frå Samferdselsdepartementet i 1985 heiter det at samla gang-, vente- og skysstid éin veg ikkje bør vera over 45 minutt for elevar på småskulesteget, 60 minutt for mellomsteget og 75 minutt for ungdomssteget.

(©NPK)

Til toppen