IKKJE FARLEG NOK: Lærdal kommune ber Sogn og Fjordane fylkeskommune gjera tiltak for å trygga skulevegen til skuleelevane, men fylkeskommunen meiner skulevegen ikkje er farleg nok og seier kommunen kan ta rekninga sjølv.
IKKJE FARLEG NOK: Lærdal kommune ber Sogn og Fjordane fylkeskommune gjera tiltak for å trygga skulevegen til skuleelevane, men fylkeskommunen meiner skulevegen ikkje er farleg nok og seier kommunen kan ta rekninga sjølv. (Bilde: Privat/Truls Grane Sylvarnes)

Skuleskyss i Lærdal: Fylkeskommunen meiner elevane ikkje har ein farleg nok skuleveg

Foreldre og folkevalde i Lærdal meiner fylkeskommunen bør ta rekninga og sikra elevane ein tryggare skuleskyss etter at Ljøsne skule vart lagt ned.

Lærdal: Etter at skulen vart nedlagt i sommar, har det betydd at fleire har krav på å få skyss til og frå skulen. For enkelte betyr det at dei må kryssa E16 og riksveg 5. Dei brukar også lang tid frå døra og til skulen, nesten ein time.

– Ikkje akseptabelt, sa ordførar Jan Geir Solheim då Porten.no omtalte saka 1. september. Dei folkevalde meiner fylkeskommunen, som har ansvaret for skuleskyssen, bør ta rekninga og sørge for ein tryggare skuleveg.

Etter ei vurdering er ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune interessert i å ta den kosten. Med unntak av éin elev som må gå 200 meter langs E16, meiner fylkeskommunen at kryssinga av vegen foregår på oversiktlege plassar. 

– Dersom ein skuleveg er særleg farleg, så skal me gjera tiltak for at han ikkje blir det, men etter ei vurdering har me konkludert med at det ikkje er det, seier Øystein Hunvik, assisterande fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Lærdølene ikkje enig i vurderingane

Solheim er ikkje samd i det. I Lærdal meiner dei både E16 og riksveg 5 er veldig trafikkfarlege og ber om at det vert sett i verk tiltak.

– Fylkeskommunen seier ganske enkelt at det ikkje er deira feil at ein kommune legg ned ein skule, så har me det gåande. Dette var noko me frykta då me la ned Ljøsne skule. Ein ting er at det skulevegen blir farleg, men det tar også altfor lang tid. 

– Me vil be om eit nytt møte og be om fleire utrekningar. Me tykkjer løysingane som er skissert ikkje er gode nok, og me skjønnar ikkje at det skal kosta så mykje. 

Kommunen må betala

Løysingane Solheim snakkar om er ei endring i dagens rute med det same materiellet. Det vil vera billigare enn å setja inn ein tredje buss, som kommunen også har diskutert. Ifølgje Hunvik ligg prislappen på rundt 100.000 kroner. 

Uansett løysing, så er det kommunen som må ta den kostnaden, seier han.

– Me samanliknar situasjonen med resten av fylket, der me ser på trafikkmengde og trafikkbilete. At det blir likebehandling for heile fylket, er vår jobb. 

Det vil bli sendt ut vedtaksbrev til elevane det gjeld. Dersom dei vil klaga på vedtaket, kjem Fylkesmannen inn i biletet og vil sjå på om vurderingane til fylkeskommunen er rett.

Til toppen