SKULEVAL: Over 4000 elevar i Sogn og Fjordane deltek i skulevalet i år. – Skulevalet er del av ein læreprosess, og er viktig fordi det bidreg til auka interesse og kunnskap om politikk blant dei unge, seier fylkesordførar Jenny Følling.

SKULEVAL: Over 4000 elevar i Sogn og Fjordane deltek i skulevalet i år. – Skulevalet er del av ein læreprosess, og er viktig fordi det bidreg til auka interesse og kunnskap om politikk blant dei unge, seier fylkesordførar Jenny Følling. (Bilde: Ingrid Nordbye-Antonsen)

Stortingsvalet 2017

Skuleval skal hjelpe unge med å forstå korleis eit val i Noreg fungerer i praksis

Over 4000 elevar i Sogn og Fjordane deltek i skulevalet dette året.

Årdal: Før stortingsvalet 11. september er det tid for skuleval på dei vidaregåande skulane. Skulevalet gir ofte ein god peikepinn om trenden ved det ordinære valet.

Årets skuleval vert arrangert 4. og 5. september. Målet er å vekkje politisk interesse og engasjement blant ungdom og lære dei noko om den demokratiske prosessen.

– Skulevalet er del av ein læreprosess, og er viktig fordi det bidreg til auka interesse og kunnskap om politikk blant dei unge. Elevane skal få innsikt i korleis eit val i Noreg fungerer i praksis, og korleis dei som styrer landet kjem til makta. Eg håper dei unge vil sjå verdien av det demokratiske samfunnet vårt, og skjønar kvifor det er viktig å bruke stemma si, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Over 4000 elevar i fylket har moglegheit til å delta i årets skuleval. Ein god del av desse har også røysterett ved det ordinære valet.

Skulevalet gir ofte ein god peikepinn på korleis den politiske vinden i landet bles. Partia som går fram eller tilbake i skulevalet, får gjerne tilsvarande utvikling i det ordinære valet. Det er Norsk senter for forskningsdata som arrangerer skulevala på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Før sjølve skulevalsdagen, vert det skuledebattar og valtorg på alle vidaregåande skular i fylket, i tillegg til på Nordfjord folkehøgskule, Høgskulen på Vestlandet og på Sunnfjord folkehøgskule. Det er ungdomspartia som stiller på debattane.

– Ungdomspartia er flotte førebilete, og dei engasjerte ungdomane tek opp viktige saker som ungdomen bryr seg om. Gjennom skulevala og skuledebattane får elevane lære om dei ulike partia, seier fylkesordføraren.

I Indre Sogn er det skuleval på Sogndal vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet måndag 4. september. Dagen etter er det skuleval ved Årdal vidaregåande skule.

Til toppen