TESTING: Her blir testmateriale teke ut frå ein sjølvdaua hjort som skal testast for skrantesjuke. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
TESTING: Her blir testmateriale teke ut frå ein sjølvdaua hjort som skal testast for skrantesjuke. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

– Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg

Mattilsynet fekk kritikk lokalt for ikkje å testa alt av hjort som vart skoten under jakta i Indre Sogn. Til hausten skal ikkje dette skje att.

Indre Sogn: – Me legg opp til å ta totalt 21 000 testar for CWD i 2017. Me skulle gjerne ha teke prøver av alt hjortevilt som døyr eller blir felt og slakta i landet, men då er det snakk om 60 - 70 000 testar, og det er det ikkje økonomi og ressursar til, seier Julie E. Grimstad, seniorrådgjevar i Mattilsynet.

Det inneber at alt påkøyrd vilt og fallvilt skal testast i heile Noreg – dette er såkalla «risikodyr».

Les også: Skrantesjuka: – Ekstremt viktig at folk melder inn fallvilt

I tillegg skal det testast for skrantesjuke/CWD på alt skote hjortevilt i alle kommunar som har terreng i Nordfjella villreinområde, noko som mellom mange andre innbefattar Lærdal og Aurland.

– Må byggja på etter kvart

Det skal også testast for skrantesjuke på all rein skote i alle kommunar som har terreng i villreinområda Hardangervidda, Vest-Jotunheimen og Årdal- Lærdal. Det vil også bli testing av skote hjort, elg og rådyr i nokre kommunar i Valdres ettersom desse ligg tett innpå både Nordfjella, Årdal - Lærdal og Vest-Jotunheimen villreinområde.

Artikkelen held fram under skjemaet

TESTING: Desse prøvane skal takast med frå dei ulike områda. Skjermdump frå hjortesenteret.no
TESTING: Desse prøvane skal takast med frå dei ulike områda. Skjermdump frå hjortesenteret.no

Ettersom det også vart funne skrantesjuke på to elgar i Selbu blir det testing i alle kringliggjande kommunar her, pluss Røros.

TESTING: Seniorrådgjevar i Mattilsynet Julie E. Grimstad under informasjonsmøtet i januar. Arkiv
TESTING: Seniorrådgjevar i Mattilsynet Julie E. Grimstad under informasjonsmøtet i januar. Arkiv

– Testinga er vesentleg utvida frå i fjor – det vil bli teke over dobbelt så mange prøver som i fjor. Me kan ikkje gjera alt me gjerne skulle ha gjort. Så får ein vurdera om det skal testast i fleire eller andre områder neste år – her må ein byggja på etter kvart, så kan ein til slutt seia noko om heile Noreg når det gjeld CWD, seier Grimstad.

– Måtte hiva oss rundt meir eller mindre over natta

Eitt diskusjonstema lokalt har vore at det i fjor ikkje vart teke prøver av alle hjortane som vart skotne i Årdal, Lærdal og Aurland – det vil seia; prøvetakinga stoppa 1.november, noko som medførte at rundt 300 hjort som vart skotne i desse kommunane dei siste to månadane av jakta ikkje blei tekne prøver av.

Så blei det, i januar – under ein månad etter endt hjortejakt – gitt beskjed under eit informasjonsmøte om skrantesjuka at det kan bli aktuelt å sanera heile reinsstammen i Nordfjella sone 1, pluss å redusera hjortebestandane i desse områda.

Les også: Skrantesjuka: – Må gjera så godt me kan

Det har i etterkant, frå fleire hald, vorte teke til orde for at å finna ut korvidt CWD har spreidd seg til hjort er svært essensielt i høve vidare spreiing til andre viltbestandar.

– Kvifor vart ikkje alt av hjortevilt skote under jakta i fjor i til dømes Lærdal og Aurland testa, og korleis vil dette bli i år? 

– Det som skjedde i fjor var at me måtte hiva oss rundt meir eller mindre over natta og starta opp denne testinga. Me skulle gjerne ha testa alt, men det var det ikkje ressursar til. I år er det føreslege at det blir testing i heile jaktperioden på alt jakta hjortevilt i kommunane med tilknyting til dei nemnde villreinområda, seier Grimstad.

Ligg an til forbod mot saltstein til beitedyr

I tillegg blir det no jobba med å setja i verk tiltak for å minska risisko for spreiing av skrantesjuke. Den nasjonale CWD-forskrifta skal reviderast og ut på høyring siste veka i mars – der er det føreslege at forbod mot utplassering av saltsleikestein til og fôring av ville hjortedyr skal verta forbode i heile landet.

Samstundes skal ei soneforskrift ut på høyring der det blir føreslege at det i alle kommunar med terreng i CWD-råka Nordfjella sone 1 blir forbod mot å plassera ut saltsleikestein til beitedyr.

– Her blir det berre fjorten dagers høyringsfrist for at denne kan bankast i landbruksdepartementet og iverksetjast i god tid til beitesesongen, seier Grimstad.

– Frå fleire hald er det snakk om viktigheita av å gjera noko med etablerte saltingsplassar i eller tilknytt Nordfjella sone 1, fordi CWD-smitte kan liggja i jorda her. Kva tiltak er aktuelle i høve dette og korleis kan dette tenkjast praktisk gjennomført?

– Me er klare over problemstillinga, men har ikkje noko om det med i denne soneforskrifta. Me håpar og trur me er tidleg i sjukdomsforløpet, slik at miljøet ikkje har rukke å bli så nedsmitta. Fagfolka vurderer moglege tiltak rundt dette og er i gang med å kartleggja slike saltingsplassar. Her kan det bli gjort noko i form av eit enkeltvedtak i staden for som ei forskrift.

– Blir det aktuelt å koma med andre reguleringar eller restriksjonar i høve «åtferd» i Nordfjella som kan spreia smittestoff? Mellom anna er det uttrykt bekymring for at snøskuterar kan spreia rundt smittestoff ved å køyra over avføring frå rein.

– Spørsmålet som gjeld snøskuter handlar først og fremst om folk som gjer ein jobb, til dømes mannskap frå SNO som er ute for å ta ut dyr med symptom på CWD. Det same gjeld Filefjell reinlag. Dei risikovurderer og har sine rutinar og retningslinjer. Førebels er det ikkje sagt noko om kva vanlege folk skal gjera eller ikkje gjera når dei ferdast i Nordfjella, seier Grimstad.

Til toppen