Finland/Vang/Lærdal: For ein dryg månad sidan vart det kjent at Kongevegen over Filefjell får prisen EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards for 2017 i kategorien "Conservation" (bevaring).
Måndag var ein delegasjon på plass i Finland for å ta imot prisen og hente han heim, men der venta ei ny overrasking.
– Blant vinnarane var det sju som vart trekt ut til ein såkalla Grand Prix-pris. Ein ekstra pris. I seg sjølv er det flott å bli trekt ut, men vinnaren får også 10 000 Euro. Det var overraskande og hyggeleg, seier ordførar i Vang Vidar Eltun.
På toppen av dette kom det vakre vegprosjektet også på ein 2. plass når publikumsprisen skulle delast ut. Eltun seier han vert stolt og audmjuk over det han no har vore med på.
Artikkelen held fram under biletet.

– Når ein ser på alle prosjekta rundt om i verda, og så er Kongevegen eitt av dei. Ein må nesten vera her for å skjønna kor stort dette er. Det er berre heilt «amazing», er det ikkje det ein seier? smiler Vang-ordføraren.
Restaureringsarbeid
Frå Sogn og Fjordane og Lærdal er det ein delegasjon beståande av Magne Grøttebø, ordførar Jan Geir Solheim, varaordførar Trond Øyen Einemo, rådmann Alf Olsen jr. og kommunalsjef for kultur og oppvekst, Torunn Litvedt som deltek.
I tillegg er fyllkesordførar Jenny Følling med, samt ein delegasjon frå Vang og Oppland fylkeskommune.
Kongevegen over Filefjell var på slutten av 1700-talet den første vegen mellom Austlandet og Vestlandet. Dei seinare åra har det pågått eit enormt restaureringsarbeid langs vegen, noko som no vert lagt merke til over heile verda.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det er mange å takke for dette dugnadsprosjektet som har pågått over lang tid. Det har gitt eit kjempeløft til kommunane Vang og Lærdal, samt fylkeskommunane og ikkje minst Statens vegvesen. Det hadde aldri vore mogleg utan den store dugnadsinnsatsen, seier Jan Geir Solheim.
Ny vår får besøksnæringa
Han trur dette vil føre til at Lærdal vil få ein ny vår når det gjeld besøksnæringa.
– Dette vil føre til enorm interesse. Det er eg heilt sikker på. Styret i Europa Nostra har lyst å koma til Lærdal for å gå vegen, og det er ros å få frå dei andre prisvinnarane også. Eg trur det kjem til å ta heilt av, seier han.
Han trur at saman med Vang har dei to kommunane no ein heilårsmotor begge kan leve av. Og til dei som føler seg snytt for ein fest.
– Me skal laga ein fest heime også der me skal heidre dei som ikkje fekk vere med i kveld, forsikrar Solheim.