Aurland: – Eg og naboen pleier alltid å gå ein tur, og i dag gjekk me ein anna veg enn me pleier. Epletreet stod nesten ut i vegen, og når eg såg det tenkte eg at det kunne vore eit stilig bilde, seier Liv Jorunn Vestreim.

Dei gjekk frå Vangen, på Bjørgavegen, og epletreet stod i ein hage på Kvam.
– Det er første gang eg har sett så mange eple henga igjen. Det har jo blåse mykje i vinter, og eg skulle trur dei hadde ramla ned. Det ser nesten ut som bilete kunne vore tatt om hausten, seier ho.
Ho fotograferar mykje og kallar seg sjølv ein glad amatør. Ho la òg ut bilde på facebookgruppa «Sogn og Fjordane i bilde», og har fått nesten 500 likarklikk.
– Eg brukar mykje tid på å ta bilde, seier ho.