VIL HA FLEIRE UNGE: Leiar for nominasjonsnemnda i Årdal Arbeidarparti Anne Kauppi skulle ønska fleire unge engasjerte seg i lokalpolitikken. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VIL HA FLEIRE UNGE: Leiar for nominasjonsnemnda i Årdal Arbeidarparti Anne Kauppi skulle ønska fleire unge engasjerte seg i lokalpolitikken. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Skulle ønska fleire unge engasjerte seg i politikken

Nominasjonslista til Årdal Arbeidarparti har ein snittalder på 44 år.

Leiar for nominasjonsnemda Anne Kauppi (Ap) seier dette er den beste lista dei klarar å leggja fram før ho skal vedtakast på nominasjonsmøtet onsdag.

– Eg skulle ønska at me hadde klart å få inn fleire mellom 18 og 30 år på lista og fått fleire til å engasjere seg, seier ho til Porten.no.

Lista med 25 namn har ein snittalder på 44 år. Kauppi forstår ikkje kvifor unge ikkje engasjerer seg.

– Eg håpar at den perioden me no er inne i med nedskjeringar på kommunale tilbod gjer at dei unge vaknar. Dei har jo ikkje noko å kjempa for, legg ho til.

Nye kandidatar

Eit anna problem kan vera at ein stor del av ungdommen flyttar frå bygda når det kan vera aktuelt å byrja i politikken og dermed ikkje føler den same tilknytninga til bygda.

– Nei, og så kjem dei att i 30-åra og etablerer seg, og der har me fått nokre nye kandidatar no. 

Den yngste på lista er Line Hillestad som er fødd i 1990. Deretter kjem Morten Skarsbø som er fødd fem år tidlegare.

Utskiftingar

I dag har Arbeidarpartiet 16 plassar i kommunestyret, og uansett korleis det går inn mot valet til hausten, vil det bli utskiftingar på desse plassane.

– Nokre har vald ikkje å ta gjenval, og andre har me vald å byta ut for å få inn litt nytt og nye tankar, og det er sunt med litt utskiftingar.

– Me skal inn i ein veldig krevjande periode no, der me skal ut av Robek og få det handlingsrommet som me ønskjer, og då er det greitt å ha litt rutine også, seier Kauppi.

Hadde tenkt å trekke seg

Det som nesten er sikkert med kommunereform på trappene, er at dette kan bli det siste kommunestyret i Årdal kommune dersom kommunen slår seg saman med nabokommunar i framtida.

– Eg hadde eigentleg tenkt til å trekka meg, men eg valde likevel å stilla nettopp på grunn av det og fordi det kan vera greitt å ta med seg den rutinen vidare.

Her er lista i si heilheit

1. Arild Ingar Lægreid
2. Marie Helene Hollevik Brandsdal
3. Anne Kauppi
4. Ørjan Stedje Ylvisåker
5. Morten Skarsbø
6. Siv Aspeseter
7. Sigmund Solvoll
8. Olav Nese
9. Gunn Karin Bukve Skaret
10. Glenn Morten Hestetun
11. Line Hillestad
12. Stein Idar Sem-Johansen
13. Hilmar Høl
14. Malvin Stenehejm
15. Mariann Stenehjem Hatlenes
16. Øystein Ullebø Sandnes
17. Aud Sissel Sveen
18. Odd Semstrøm
19. Siv Bakken
20. Ame Talsæte
21. Anne Gunn Vigdal
22. Jan Bent Høyum
23. Hilde Kvale Skarsbø
24. Roy Andrè Bergerud
25. Nina Framstad Helle Hunderi

Til toppen