SVINGSJEF: Renault Megan GT har eksepsjonelle eigenskapar på svingete veg. FOTO: Morten Abrahamsen
SVINGSJEF: Renault Megan GT har eksepsjonelle eigenskapar på svingete veg. FOTO: Morten Abrahamsen

Skulle sleppt seg meir laus

  • Endret

Den nye Renault Megan ser bra ut og har vist seg som ein artig bil sjølv når motoren ikkje er så stor. Så i utgangspunktet er det all mogleg grunn til ha tru på denne modellen – ein Megane GT, som har fått ein runde i Renaultsport-avdelinga. Her er folk som i ei årrekkje har sett saman verkeleg friske små og mellomstore bilar, som vi knapt har sett i Noreg.

Det er rundt 10 år sidan sist gong Renault selde noko slikt her i landet. Den gongen var det ein Clio med 200 hestekrefter, denne Meganen har 205. Det er med andre ord ikkje ein bil som ligg heilt på GTI-nivå – Golf GTI har 230 hestekrefter – men det bør halda i ein bil som veg 1,4 tonn.

Går på skjener

I tillegg har bilen eit partytriks som gjev han nærmast eksepsjonelle eigenskapar, firehjulsstyring. I fart under 80 kilometer i timen blir bakhjula styrt i motsett retning av framhjula, slik at han svippar rundt hjørne. I høgare fart følgjer bakhjula den same retninga som framhjula. Dette er teknikk som svært sjeldan kjem på bilar i denne prisklassen.

Bilen er i utgangspunktet godt sett opp, men med denne funksjonen aktivert blir det ein bil som ikkje har høyrt om ordet understyring. Han følgjer svingar på ein måte som er imponerande. Her er det mogleg å ta fram ein sliten klisjé: Han går på skjener.

Samtidig er dette ein litt frustrerande bil. På den eine sida har han ekstremt gode køyreeigenskapar, på den andre har Megane GT ein motor og girkasse som ikkje klarar å bli med på leiken. Dei 205 hestekreftene klarar ikkje å bli morosame. Motoren leverer kreftene lineært, utan at han på noko tidspunkt tek av. Bilen kjennest rett og slett ikkje så sprek som dei opplyste tala skulle tyda på.

Girkassen er i tillegg litt treg, og blir lett forvirra når du lèt bilen sjølv styra utvekslinga. Dette kan overstyrast via nokre svære hendlar som er fast montert på rattstamma, men heller ikkje desse klarer å få det heilt til. Som sjåfør blir det til at ein leitar etter den delen av turtalsregisteret der bilen skal losna, men det kjem aldri.

Artikkelen held fram under bilete.

NY MODELL: Dette er fjerde generasjon Megane, den første kom i 1995.
NY MODELL: Dette er fjerde generasjon Megane, den første kom i 1995.

Villare

Renault har sett opp bilen på ein imponerande måte, men klarar ikkje å utnytta potensialet. Det er opplagt at han hadde tolt ein større motor, men det kunne også vore løyst om dei 205 hestekreftene hadde vore servert på ein livleg måte.

Ergerleg, for den nye Meganen er ein bil som det elles er lett å lika. Renoveringa innvendig har gjeve eit ryddig og ganske så fint interiør. Materiala er ikkje akkurat på premiumnivå, og det kan vera litt forvirrande å trykkja seg rundt på berøringsskjermen, men det fungerer tilfredsstillande når du blir vand til det. Sportsseta er gode og gjev rett støtte. Rattet har kule, blå saumar. Og girhendlane kunne ha vore i ein sportsbil med ein null ekstra i prisen.

Truleg er tanken bak Megane GT at han skal passa til kundar som ikkje heilt ønskjer ein reindyrka Renaultsport-bil, dei er gjerne ganske spartanske og tett ved reine racingbilar. Men produsenten kunne ha sleppt seg litt meir laus, for potensialet i bilen ligg på eit svært høgt nivå, som dei ikkje når med denne drivlina. Det er heller ikkje grunn til å tru at det ville gått ut over det brukarvennlege om bilen hadde hatt ei litt villare side.

Til toppen