VANN: Tide Buss skal drive rute- og skulebussane i kommunane Sogndal, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Luster og Leikanger.​ Foto: Tide Buss.
VANN: Tide Buss skal drive rute- og skulebussane i kommunane Sogndal, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Luster og Leikanger.​ Foto: Tide Buss.

– Skysstasjon og venterom vert vidareført

Tide Buss skal drive rute- og skulebussane i kommunane Sogndal, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Luster og Leikanger.

Årdal: Det går fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune torsdag. Tide Buss er innstilt på til å drive bussrutene frå 19. juni 2017.

Det betyr at Nettbuss, tidlegare Sogn Billag, ikkje lenger skal køyre bussrutene for første gong på 80 år. 

For sjåførane vil endringa ha lite å seie anna enn at dei får litt meir einformig køyreruter, forklarar Per Steinar Sviggum, som er regiondirektør i Nettbuss.

– På sjåførsida er det slik at dei som er tilsett hjå oss vil ha rett til å gå over til Tide og køyra vidare der. Slik sett vil det ikkje ha nokon konsekvensar, seier han.

Ekspressruter held fram

Verdien på på kontrakten, som gjeld for åtte år framover, er på rundt 700 millionar kroner. I tillegg til lokalrutene, har Nettbuss også hatt ekspressruter som Valdresekspressen. Det har dei ambisjonar om å halde fram med.

– Den aktiviteten vil gå sin gang. Når det gjeld tilsette spesifikt i Årdal, vil det ikkje ha store konsekvensar, men når me har hatt ekspress-, tur- og lokalruter, så kunne me kombinera desse til ein god arbeidsdag for sjåførane, slik at dei kunne veksla mellom å køyre lokalruter og ekspressruter. No blir det splitta, og då blir det litt meir einsformig, forklarar Sviggum.

I Årdal er det både skysstasjon med kontor og venterom. Slik vil det også vere framover sjølv om Tide vann konkurransen.

Sterk konkurranse

Det var fem selskap som leverte tilbod, og av desse var Tide lågast med 67,1 millionar kroner per år. 

Nettbuss ville drifte bussrutene for 69 mill.kr, Firda Billag Buss AS for 71 mill. kr og Boreal Transport Sør AS for 80,1 mill. kr.

Kontrakten gjeld fram til 2025 med moglegheit til å forlenga han med to år. 

– Eventuelle innspel til innstillinga frå dei andre tilbydarane må vere sett fram for fylkeskommunen innan laurdag 30. april 2016 kl. 15.00, etter ein såkalla karensperiode. Etter dette tidspunktet vert kontrakten signert.

Til toppen