KAOTISK: Dagleg leiar for Fotefar Temareiser, Toril Partenyi, fortel om kaotiske tilstandar då reisefølgjet hennar måtte evakuera på grunn av skytinga som føregjekk berre nokre hundre meter frå der dei sat og åt middag.
KAOTISK: Dagleg leiar for Fotefar Temareiser, Toril Partenyi, fortel om kaotiske tilstandar då reisefølgjet hennar måtte evakuera på grunn av skytinga som føregjekk berre nokre hundre meter frå der dei sat og åt middag. (Bilde: Joar Hoel Larsen/NRK)

Skytedramaet i Las Vegas: – Så uverkeleg at ein eigentleg ikkje klarte å bli redd

Titals sogningar fekk i natt verkeleg kjenne skytedramaet i Las Vegas på kroppen. Minst 50 skal vera drept og over 400 sendt til sjukehus, er dei siste tala måndag ettermiddag.

Las Vegas/Leikanger: Sogningane som fekk oppleve dramaet på nært hald, var ein del av Fotefars Temareiser frå Sogn og har vore på reis sidan 23. september. I dag går turen til Los Angeles før dei flyr heim til Noreg.

Dagleg leiar for Fotefars Temareiser, Toril Partenyi, seier dei no har sleppt ut av bankettsalen som dei måtte tilbringe heile natta i. Ho fortel om ei dramatisk oppleving då følgjet var ute og åt middag på eit hotell nokre hundre meter frå der skytinga føregjekk.

– Me var ute og åt middag då me såg folk kom springande. Me la merke til at kelnerane oppførte seg litt rart og at folk sprang i korridorane, men tenkte ikkje meir over det i starten. Så gjekk eg og to andre ut for å røyka medan me venta på maten. Då vart med jagd inn att og fekk høyre at det var skyting, seier Partenyi.

Kaotisk

Først sa dei ingenting til resten i tilfelle det heile berre var rykter, men det gjekk ikkje lang tid før det vart stadfesta via nyheitene at ein person stod og skaut mot konsertgjengarar frå 32. etasje på Mandala Bay Resort og Casino. 

– Me prøvde å halde oss i ro, men plutseleg kom det folk ropande og sa at me måtte legga oss på golvet. Då vart det sagt at gjerningsmannen hadde kome seg inn på hotellet. Etter kvart trekte me ut i ein naudutgang i ein kjellar. Då var det ganske kaotisk. Me hadde med oss folk som var dårlege til beins, men me heldt roen og det gjekk bra.

Ikkje lenge etter fekk dei stadfesta at ryktet om at gjeringsmannen var på hotellet ikkje var sanne. Då vart dei sendt opp i ein bankettsal, der dei sat heile natta frå 23.30 til 05.30.

Ingen informasjon

– Me fekk ingen informasjon. Me fulgte sjølvsagt norske og engelske nyheiter og såg at dødstala stadig steig. Det vart også snakka om ei bomba på hotellet. Me fekk ikkje gå ut. Alle hotella var stengt ned, fortel Partenyi vidare.

Dei som hadde behov for det, fekk vatn og pledd. I salen var det så fullt at nokre fekk ikkje sitja. Etter mange timar utan informasjon, var det plutseleg klart at dei kunne få gå heim til hotellromma sine. 

– Området var heilt reinska for folk og bilar. Det einaste me såg var politifolk. Konserten var vendt vekk frå der me gjekk ut. Det var masse folk, men det var heilt stilt. 

Om opplevinga seier ho at ho sjølv knapt har rekt å vera redd fordi ho måtte syte for at følgjet hadde det bra. 

– Alle var skremde, men me snakka om at dette var så uverkeleg at ein klarar eigentleg ikkje å bli redd. Det er ikkje til å tru, seier ho. 

Til toppen