Årdal: Det er samlagsmeisterskap i innandørs 15m skyting hjå Knipenborg skyttarlag denne helga. Skytinga vil skje med 5 elektroniske skiver i Vassbugen på Årdalstangen, melder skyttarlaget på sine heimesider. Mange skyttarar frå heile Indre Sogn er påmelde og klare til skytehelg i Årdal. Fredag var det åpe for andre lag enn arrangør å skyte. Svein Kåre Furre frå Leikanger skaut fredag i klasse 3-5, han fekk 342 poeng.
Både Knipenborg og Farnes sine skyttarlag har mange påmelde skyttarar til meisterskapet. Ein del av desse starta skytinga allereie onsdag. Veteranen frå Knipenborg, Bjarne Sandvik, var i elden på torsdag. Med 347 poeng ligg han på 1 plass i sin klasse før laurdagens skyting.
Farnes Skyttarlag sine veteranar er også med i meisterskapet. Ludvik Indrebø skal skyte søndag, medan veteranen Steinar Røyrvik er ferdig med si skyting. Han fekk lik poengsum som Sandvik, men skyt i ei anna klasse.
God skyting blant ungdommen
Det gror godt i skytemiljøet i Årdal. Dei aller yngste skyt i aspirantklassen. Dei var i elden på onsdag, og heile 34 skyttarar deltok. Desse fekk alle premie, og kunne gå stolt heim med kvar sin skyttarpokal. Totalt er det påmeldt 54 aspirantar, det viser god rekruttering i skyttarlaga i Indre Sogn.
Artikkelen held fram under biletet

I klassen for eldre rekrutt er konkurransen tøff. Før laurdagens skyting leiar Trine H. Njøs frå Leikanger med 350 poeng som er full pott, 16 av desse var innertiarar. Innertiarane er viktige når ein skal skilje dei med lik poengsum.
Farnes Skyttarlag sin juniorskyttar Sara Vie leiar så langt sin klasse med 342 poeng før laurdagens skyting.

Mykje spanande skyting i helga, følg med på livesendingane.
Les også : Skytestemne