Mange gode resultat på skytestemne i Indre sogn. Vegard Solhaug frå Aurland skyt godt med to andreplassar og to tredjeplassar.
Mange gode resultat på skytestemne i Indre sogn. Vegard Solhaug frå Aurland skyt godt med to andreplassar og to tredjeplassar. (Foto: privat)

Skyttarar på nivå heilt i norgestoppen

I helga var det skytestemne rundt om i Indre Sogn, og skyteskivene viste gode resultat.

Anette Thingbø Sundnes frå Balestrand sikra sigeren i Leikanger og Hafslo. Foto: privat
Indre Sogn: – Det var 225 skyttarar som deltok på stemna i Leikanger, skriv Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag, i ei pressemelding.
 
Det var fire innandørsstemner i Leikanger, Norum, Sogndal og Hafslo, og det var gode resultat på alle dei fire stemna. 
 
Anette Thingbø Sundnes frå Balestrand sikra sigeren i Leikanger og Hafslo, men måtte sjå seg slått av Sigmund Haugen Kjosaas frå Dale i Sunnfjord på stemna i Norum.
 
Haugen Kjosaas fekk ny banerekord med toppnotering på 350 poeng. Vegard Solhaug skyt og svært godt med to andreplassar og to tredjeplassar denne helga.
 
– Nivået på dei beste er heilt i norgestoppen, skriv Skarsbø.
 
 
 
Til toppen