SØLVVINNAR: Jon-Hermann Hegg frå Lærdal tok sølv på liggande i juniorverdscupen i skyting.
SØLVVINNAR: Jon-Hermann Hegg frå Lærdal tok sølv på liggande i juniorverdscupen i skyting. (Foto: Privat)

Skyttaren frå Lærdal tok medalje i verdscupen på første forsøk

Ikkje berre det, sølvet er den einaste medaljen til Norge til no i meisterskapen.

Lærdal: Jon-Hermann Hegg (19) frå Lærdal deltek i sin første juniorverdscup i skyting i Suhl i Tyskland denne veka.

Tysdag klatra han opp på pallen, då han tok andreplass på 50 meter liggande. 

– Det er ligg som er den øvinga eg har fått best til denne sesongen, og hadde best håp om å hevda meg. Det er veldig gøy å få det til, seier han.

Lærdølen skaut 620,8 poeng og vart berre slått av amerikanaren William Shaner.

BEVISET: Sølvvinnaren viser stolt fram medaljen. Enno er ikkje konkurransen over. Foto: Privat

– Det er ikkje superresultat, men det var litt vind så då er det greit, seier Hegg om poengsummen.
Les òg: Skyttartalentet tok gull i første internasjonale konkurranse
Les òg: Utteken til VM og EM: – Det har vore målet

Einaste norske pallplass

Alle dei beste i verda er med i verdscupen, så nivået er skyhøgt. Kvart land har lov til å stilla med opptil seks jenter og seks gutar.

Hegg har hittil henta den einaste medaljen for Norge. 

– Det er gøy å få det til, seier Hegg.

Berre å koma til finalen er ein prestasjon. Før liggande greidde Hegg ein 30. plass på luft, etter å ha skote 19,9.

– Det er eg nøgd med, seier Hegg. 

Vil satsa minst eitt år til

Torsdag ventar siste øving som er match, altså 20 skot i kvar av øvingane ståande, liggande og kne. 

– Eg kan klara finale, det er det som blir målet. Etter suksessen eg har hatt hittil, så blir det meir enn bonus om eg får til det, seier Hegg.

Som elev på Norsk toppidrettsgymnas har Hegg dei siste åra kunna satsa fullt på skytinga. No er han uteksaminert, men har tenkt å halda fram full satsing kombinert med jobb, i det minste eitt år til.

– Så får me sjå, seier Hegg.

Held han fram som i Tyskland burde framtida vera lys for idrettstalentet.

Til toppen